Mange fekk nye tankar om bustaden sin på Bustadmessa

Besøkande på bustadmessa - Klikk for stort bileteBesøkande på bustadmessa Ørsta kommune v/ Wenche Solheim


Over 100 besøkande var innom bustadmessa på Ørsta kulturhus 23. november. Tilbakemeldingane har vore positive og mange fekk nye tankar om korleis ein kan bu lengst mogleg i eigen heim.

Gjennom dagen var det mange innlegg frå kommunen, Husbanken, lokalbankar, byggenæring og andre som fremma informasjon og refleksjon kring temaet. Brukarrepresentant Aase Gerd Aarsnes starta med å snakka om livet med praktiske utfordringar. Hennar erfaringar og refleksjonar sette tankane i sving hos tilhøyrarane i høve tilrettelegging og framtidig busituasjon.


Det handlar om å planlegge litt

Vi blir stadig eldre og lever lenger enn før, og for mange kjem tida som pensjonist til å vare nesten ein tredjedel av livet. Vi er ofte flinke å planlegge viktige hendingar tidleg i livet, det må vi fortsette med også når vi har levd ei stund.   

Framskrivingar viser at ørstasamfunnet i løpet av dei neste 20 åra vil få over 2800 innbyggarar i alderen over 67 år, dette er om lag 900 fleire enn i dag. Aldersgruppa under 67 år vil minke med om lag 1000 innbyggarar i same tidsrommet. I åra framover vil det såleis verte fleire eldre med hjelpebehov og færre yrkesaktive som kan yte helsehjelp.

Dei aller fleste endringane og funksjonsnedsettingar skjer over tid; litt dårlegare syn, litt tyngre å gå i trappa, litt ustø på baderomsgolvet, litt tyngre med snømoking osv. I tillegg er det viktig å fokusere på at tilrettelegging gjeld alle - ikkje berre eldre -  også når ein bygg hus eller kjøper leilegheit for første gong. Trinnfri adkomst og hovudfunksjonar på eitt plan (stove, kjøkken, soverom, bad) er det "lille" som skal til. Ein funksjonell bustad for ulike livsfaser for deg sjølv, din familie, venner, foreldre, beste- og oldeforeldre. Kjekt å kunne vere med og kunne kome besøk. 

Det er difor viktig å spørje seg sjølv tidleg og før behovet er der: Er bustaden som eg bur i tilrettelagd for meg, familie og vener om nokon får helseutfordringar og funksjonsnedsettingar? Er alle hovudfunksjonar på inngangsplanet? Er badet romsleg nok og tilrettelagd? Er døropningar breie nok og terskelfrie? Er belysning ute og inne tilstrekkeleg? Korleis er adkomsten til bustaden? Kva med hagearbeid og snømåking?

Mange eldre har god økonomi og ein forventar difor at tenester i heimen blir ein ny trend i åra framover slik det allereie har vore i fleire EU land i nærare 20 år. Dette kan til dømes vere leigd hjelp til «vaktmeisteroppgåver», hjelp til innkjøp og følgjetenester.

Kommunalsjef helse og omsorg Marit Botnen snakka om Ulstein kommune sitt langsiktige arbeid med sentrumsutvikling og plassering av bustadar og institusjon innanfor det dei kallar 300-meters byen. Mange eldre lever aktive og sosiale liv når dei kan gå til butikkar, kaféar, kulturhus og anna. Ulstein kommune vann topplasseringa på kommunebarometeret 2022, mellom anna fordi dei leverer så gode tenester og driftar godt innan helse og omsorg. Ulstein kommune har 43 langtids sjukeheimsplassar og har elles satsa mykje på omsorgsbustadar og heimebasert omsorg. Mykje er løyst pga. samarbeid med private utbyggarar av leilegheiter i sentrum. I Ørsta har vi 87 langtids sjukeheimsplassar, men vi har mindre tilgang på både kommunale heildøgns omsorgsbustadar og sentralt plasserte private leilegheiter.

Framtidas eldreomsorg må i større grad skje i eigen heim og i mindre grad i institusjon og i omsorgsbustadar med tenester. Ei spørjeundersøking gjort blant heimebuande over 60 år i Ørsta kommune, viser at dei aller fleste ønskjer å bu i eigen heim så lenge som råd. Den same undersøkinga viser også at heile 550 personar ønskjer å leige ein kommunal bustad når dei etter kvart treng ein annan bustad. Ørsta kommune, til liks med mange andre kommunar, vil ikkje ha økonomi eller tilgjengeleg arbeidskraft til å kunne tilby så mange kommunale bustadar i framtida. Vi må difor bevisstgjere og sørge for å utvikle ørstasamfunnet aldersvenleg. Vi må oppmode innbyggarar å tilrettelegge eksisterande bustad, eller vurdere å flytte til ny tilrettelagd bustad slik at dei kan bu heime lengst mogleg. Og med oss på laget må vi ha byggefirma og utbyggarar som bygger gode og tilrettelagde bustadar.

Stand Ergo-fysio avdelinga og Pensjonistforbundet på bustadmessa - Klikk for stort bileteStand Ergo-fysio avdelinga og Pensjonistforbundet Ørsta kommune v/ Wenche Solheim

Ergoterapeutane sine tips og råd

Ørsta kommune sine ergoterapeutar erfarer på heimebesøk at dei aller fleste ønskjer å fortsette å bu i bustaden sin trass i at dei har fått helseutfordringar. Ekstra belysning, trinnfri åtkomst, ekstra rekkverk i trapp, montere hjelpehandtak, nytte kontrastfargar, antiskli-belegg, sittebenkar og fjerne snublefeller kan vere eksempel på tiltak som ofte kan gjennomførast raskt og enkelt.

Av meir omfattande tiltak som kan gjerast er utviding og tilpassing av baderom, utviding av døropningar og fjerne tersklar, lage trinnfri adkomst, eventuelt etablere heis eller trappeheis, ombygging og utviding av rom for betre plass, samle alle hovudfunksjonar på inngangsplanet, plassere kvitevarer vaskerom og det ein nyttar mest på kjøkenet i arbeidshøgde slik at det vert lett å nå.

Ergoterapeutane har tett samarbeid med Hjelpemiddelsentralen som kan bistå med utstyr og tilskot til enkelte tiltak.

 

Vi pusser opp, men gjer vi dei rette tiltaka?

Det er ofte krevjande og kostbart å gjere endringar når behovet har oppstått. Det er difor viktig å planlegge i god tid og bruke vanleg oppussing til å forbetre tilgjengelegheita litt etter litt. Og når ein først er i gang, kan det vere lurt å gjere tiltak på bustaden som reduserer straumbehovet. Eksempel på dette kan vere å installere varmepumpe, betre isolering yttervegg og tak, skifte vindu og dører og installere smarthusteknologi som kan styre lys, ventilasjon og varme.

Men kva om ein ser at bustaden ein bur i på sikt ikkje vil vere eigna? Då bør ein tidleg starte ein tankeprosess rundt flytting og stille seg følgjande spørsmål: Kvar ønskjer eg å bu? Kva er viktigast for meg? Er det bustaden, tilgang til kollektivtransport og butikk, noverande bumiljø, sol og utsikt, plass til barn og barnebarn? Kva betyr mest og kva har eg råd til?

 

Korleis kan velferdsteknologi hjelpe oss?

Velferdsteknologi er enkelt å skaffe og mange av oss omgir oss med det allereie. Vi kan sjølv kjøpe robot til å klippe plen eller til å støvsuge i huset, installere lyskjelde med bevegelses sensor, ha tidsur på kaffitraktaren, komfyrvakt, ha ein fjernkontroll som erstattar fleire ulike fjernkontrollar og gjer det lettare å slå på tv-en, ha GPS-klokke for sporing, medisindispenser, handy-kalender for daglege gjeremål, ha batteristyrt stearinlys og liknande. Dette er hyllevarer alle kan ta i bruk for å gjere kvardagen lettare og tryggare.

Når ein treng meir hjelp enn sjølve hjelpemiddelet treng ein teneste. Dette kan vere medisindispenser for multidose, roommate for enkel kontakt med hjelpetenesta og trygghetsalarm.

Programleiar Irene Graskopf og tre av innleiarane, Stina Jacobsen, Karen Høydal, Aase Gerd Aarsnes - bustadmessa - Klikk for stort bileteProgramleiar Irene Graskopf (t.h.) og tre av innleiarane (f.v.) Stina Jacobsen, Karen Høydal, Aase Gerd Aarsnes. Ørsta kommune v/ Wenche Solheim

Kva med finansiering og tilskot?

Kva om ein skal bygge om huset eller kjøpe ny bustad og treng finansiering? Husbanken har gode  tilskots- og finansieringsordningar til tilpassing og oppgradering av eksisterande bustad, lån til bustadkvalitet og startlån.

Sparebanken Møre og Sparebank1 gav råd og tips om låneprodukt, og snakka litt om det å ta ny gjeld i godt vaksen alder og forsikra om at bankane gjerne tek ein prat med kundar som ikkje ønskjer å nå banken gjennom digitale tenester.

 

Mange nye bustadar under planlegging og bygging i Ørsta!

Det er eit stort spenn og variasjon i kva byggemarkedet tilbyr av bustadar i Ørsta. Mesterhus Sunnmøre, Norhus Ørsta og Norgeshus Din Bustad, Ørsta Panorama (Alti) og Marina Terrasse gav informasjon om sine prosjekt i Ørsta. For dei som ønskjer å kjøpe ny bustad i Ørsta vil det i tida framover vere mykje å velje i både i høve nabolag, planløysingar og andre kvalitetar.

Husbankprosjektet «Leve heile livet i eigen bustad» skal vare i eitt år framover og vil fortsette med aktivitetar og informasjonsarbeid. Ein planlegg mellom anna temadagar der ein samlar ulike aktørar for samarbeid om korleis ein kan legge til rette for å bu lengst mogleg i eigen heim.

Til slutt vil eg takke Husbanken, bankar, byggebransje, Hjelpemiddelsentralen, lag og organisasjonar, representantar for Ørsta kommune og andre for foredrag og stand under bustadmessa.

 

Irene Graskopf
Prosjektleiar «Leve heile livet i eigen bustad»

Følg oss