Ørsta Kommune har til ei kvar tid behov for kvinner og menn som kan ta på seg oppdrag som støttekontakt/fritidskontakt. Du får da vere med å bidra til at eit anna menneske får ei verdifull fritid. Den som treng støttekontakt har av ulike årsakar utfordringar med å delta på sosiale arenaer eller vere aktiv på fritida utan hjelp frå andre. Aktivitetar som støttekontakt/fritidskontakt kan bidra med kan vere turar og trening, gå på biblioteket, besøke familie/vener, kafé, kino, o.l.
Du treng inga formell utdanning, men du må vere omgjengelig og glad i å vere saman med andre menneske. Ofte er det ein fordel om du har sertifikat og disponerer bil, i andre tilfelle treng ein ikkje det.
Omfanget varierer, men mange treffer støttekontakt/fritidskontakt eit par timar i veka. Dette oppdrag let seg difor lett kombinere med anna jobb, studie/skule og lignende.
Du får rettleiing og vert løna som oppdragstaker av kommunen.
Å vere støttekontakt er ei verdifull erfaring å ha på sin CV!
Registrer deg
Du registrerer din interesse ved å sende inn eit skjema. Vi ber om at du fortel litt om deg sjølv og dine erfaringar, kvalifikasjonar og fritidsinteresser i søknadsteksten. Dette vil gjere det enklare for oss å finne riktig person til riktig oppdrag.
Din registrering vil bli vurdert opp mot dei behov som bruker har. Dersom det passer med interesser og disponibel tid, kallar vi deg inn til samtale. Vil informere om at det i nokon tilfelle kan ta tid å finne den riktige støttekontakten/fritidskontakt til riktig oppdrag
Oppdragstaker har taushetsplikt om personlige forhold knyttet til bruker, jamfør § 13 af i Forvaltningsloven.
Støttekontakt/fritidskontakt må legge fram gyldig politiattest før oppdraget blir satt i gang.
Er DU interessert, ikkje nøl med å kontakte Ørsta Kommune v/ Runa Bakke.
Registrer deg som støttekontakt