Fellingsresultat for hjortejakta 2022
Pixabay.com
Det vart felt 670 hjort under hjortejakta i Ørsta kommune i 2022, tal fellingsløyve var 1318. I forhold til 2021 er dette ein nedgang på 238 felte dyr.
Registreringar som er lagt inn i Hjorteviltregisteret (registreringane er ikkje komplette) viser at i 2022 vart 55% av dyra felt på innmark, mot 65% i 2021. Resten er felt i utmark.
Slaktevekter i snitt (2021 i parentes):
- Hannkalv 27 kg (27 kg)
- Hokalv 23 kg (25 kg)
- Spissbukk 51 kg (50 kg)
- Fjorskolle 43 kg (43 kg)
- Vaksen bukk 84 kg (80 kg)
- Vaksen kolle 57 kg (58 kg)
NB: Hugs at tabellen har fleire sider. Du kan også halde pila over fargane for info.
Tabell over fellinga
Publisert av Ingvild Marie Taraldset
Publisert 19.01.2023 14:40