Søknad: Måsøval Lisens AS om auka areal og biomasse på lokalitet for laks og aure i Slettvika
Måsøval Lisens AS søkjer om løyve etter akvakulturlova til utviding av akvakulturanlegget og ei auka biomasse på 1560 tonn, frå 3120 til 4680 tonn MTB på lokaliteten Slettvika i Vartdalsfjorden.
Kommunen har tidlegare handsama ein søknad om dispensasjon frå arealplanen for utvida arealbruk (sjå Søknad om dispensasjon areaplan). Søknaden gjeld også klarering av matfiskløyve ST-HE-0018 og ST-SI-0002 på lokaliteten.
Dei viktigaste dokumenta:
Utskrive versjon kan du lese på servicekontoret, Ørsta rådhus.
Merknader til søknaden kan sendast til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta, eller som e-post til postmottak@orsta.kommune.no innan 31. oktober 2024.