Fyrste maskinentreprenør med Miljøfyrtårn-sertifisering i Ørsta kommune

 

Endå ein miljøfyrtårn-diplom vart delt ut forrige veke. Den gjekk til sertifisering nr. 15 i kommunen som er Åmdal maskin AS. 

Overrekkinga tok stad på Rådhuset fredag. F.v.: Jon Ivar Skare, ordførar Stein Aam og avdelingsleiar for Plan og miljøavdelinga Gunnar Wangen. Ørsta kommune / Ingvild Marie Taraldset

Åmdal maskin er den fyrste maskinentreprenøren i Ørsta kommune med Miljøfyrtårn-sertifisering.

I dag er dei fire tilsette og akkurat no helde dei på med prosjekt ved Hjørundfjorden og på Larsnes. «–Skal ein henge med i tida so må ein følgje utviklinga. Det følgjer med ein del haudeverk bak dette, derfor håpar vi at det blir eit enda større konkurransefortrinn etter kvart. Og at fleire, også kommunen, kanskje fokuserer litt mindre på pris og meir på miljø,» seier Jon Ivar Skare.

Ordførar Stein Aam påpeika at entreprenørverksemda har utmerka seg på fleire måtar opp gjennom tidene og gratulerer dei med Noregs mest nytta miljøsertifikat. Sertifikatet er eit anerkjent og effektivt verktøy for miljøleiing og dokumentasjon på at drifta har eit kontinuerleg fokus på miljø og bærekraft, som også er kvalitetssikra av ein tredje part. Kriteria ein blir sertifisert etter er tilpassa drifta.

Vi gratulerer!

Følg oss