Midlane frå miljødirektoratet støttar meirkostnader ved klimavennleg materialbruk i prosjektet og utsleppsfrie løysningar. Støtta dekker inntil 75% av meirkostnadane kommunen har ved dei klimavennlege løysningane, avgrensa til kr 3 000 000,-.
Miljødirektoratet skriv følgande i tildelinga si:
Vi har valt ut dei byggeprosjekta som står fram som særleg innovative og ambisiøse, ved at dei tek i bruk klimavennlege løysningar som er meir ambisiøse enn dagens krav og praksis, og gjer vesentlege moglegheiter for utsleppskutt. Vi har òg prioritert prosjekt som har ein målretta plan for å ta i bruk klimavennlege løysningar i bygg innanfor fleire område eller i fleire delar av byggeprosessen - til dømes i både val av byggemateriale, tekniske system, energi løysningar og transport knytt til bygget, ved oppføring og drift. Innanfor dette prioriterar vi å gi økonomisk støtte til klimavennleg materialbruk i prosjekta.
Ørsta kommune har søkt om støtte for å bygge ny barnehage og skule i massivtre, med solsceller og energibrønn. (...) Prosjektet står fram som heilskapleg med klimaambisjonar på fleire tema, og ambisiøst ut over dagens regelverk og praksis.
Barnehage og skule på Sæbø
I høve etableringa av det nye bygget har det vore utfordringar kring skred, noko som krevjer at bygget må ha særskilt styrke og eigenskapar. I samspel med fylkesmannen og fylkeskommunen har det kome fram at det er formålsteneleg med massivtre/CLT* framfor tradisjonell betong i utbygginga. Det held både krava til skredvind, i tillegg til å by på innovative miljøløysingar. - Auke av miljøeffektar og bærekraft i bygningsmassen ved å velje resirkulert materiell, redusere komponentar, arealeffektivitet, sambruk, reduserte driftskostnader og lagring av energi.
*CLT står for Cross-laminated Timber, på norsk kallar ein det ofte for massivtre
Slik var oppstarten på prosjektet:
Det er mange som skal ha skryt for at kommunen kan ta fatt på prosjektet med eit nytt, framtidsretta og innovativt miljøbygg for barnehage og skule på Sæbø. Ideen om å gjere bygginga til eit miljøprosjekt, starta allereie i fjor. Eit samarbeid mellom Tredriveren og Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjorde bygging i massivtre til eit reelt alternativ, etter møter med forskarar og professorar innan treteknologi og byggfag. Koplinga mot kommunen og byggeprosjekta her skaut fart då Eigedomsseksjonen v/Ivar-Otto Kristiansen arrangerte konferansen Heil ved 20. juni 2018. Her hadde Roberto Tomasi, prof i byggfag og Anders Qvale Nyrud, prof i treteknologi frå NMBU innlegg om tekniske fordelar ved å bygge i massivtre, spesielt med dei utfordringane ein har på Sæbø. Frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal hadde Christina Qvam Heggertveit, Fylkesskogmester og Tredriver innlegg om kva klimagevinster ein kan oppnå. Sunnmøre Regionråd har vore med å kople mot ulike kompetansemiljø.