Kontrakta gjeld opparbeiding av den delen av skuleplassen som ikkje vert opparbeidd i samband med bygginga av nye Velle skule. Arbeidet startar opp i siste halvdel av mai.
I prosjektet ligg eit aktivitetspark med mellom anna voll med akebakke, klatresteinar, tunnel, zipline, kunstgrasbane for 7ar-fotball, ballbinge og buldrevegg. I tillegg vert ein del av turvegnettet gjennom Holmane etablert. Prosjektet kom til etter utarbeiding av skisseprosjekt hausten 2023, der alle born og unge på Velle og Vikemarka skular fekk medverke.
Sluttdato for heile prosjektet er sett til 29.11.24, men ein større del av aktivitetsparken skal etter planen vere ferdigstilt like etter skulestart i august 2024.
Ørsta kommune