Topplasseringar for elevbedrifta Fiamarka i regionmeisterskap

F.v.: Faglærar Anne G Sandnes, Casper Lianes, Christian Bøstrand, Ramona Moltu Emblemsvåg, Linea Sandbakk, Mattis Indrearne Raisio og lærar Frank Velle.

Tysdag var over hundre unge entreprenørar samla i Ålesund til regionmeisterskap i regi av Ungt entreprenørskap(UE). Elevbedrifta frå Ørsta stakk av med to fyrsteplassar og ein tredjeplass.

UE er ein landsomfattande organisasjon som saman med utdanningssystemet, næringslivet og andre aktørar arbeider for å hjelpe elevane til å utvikle kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv – morgondagen sine verdiskaparar. UE er ein brubyggar mellom skule og arbeidslivet. Gjennom denne oranisasjonen kan ungdomsskular etablere elevbedrifter (EB). 

Ørsta ungdomsskule stilte i meisterskapet med elevbrifta, Fiamarka, som har si base på avd. Liadal/Raudøya. 

Lærarane Anne Grethe Sandnes og Frank Velle, synest arbeidet til UE er spanande og noko dei kunne tenke seg å ta inn i si undervisning på avd. Liadal/Raudøya. Anne Grethe starta saman med elevane sine allereie i 2019 den første elevbedrifta på Ørsta ungdomsskule, IFA kantine. Denne bedrifta driv godt også i dag, og med dei gode erfaringane med EB, starta dei opp elevbedrifta, Fiamarka, hausten 2023. Ørsta ungdomsskule har i dag to bedrifter som driv godt. 

–Her på Liadal får elevane våre arbeide praktisk med noko dei sjølve har vore med på å ta initiativ til, seier Frank Velle. Vi ønskjer at elevane våre skal oppleve meistring og nå måla i læreplanen gjennom praktisk arbeid. Vi legg vekt på engasjement, utforskartrang og lære elevane å omsette idèar til handling, seier han vidare.  

– Som lærarar ser vi at gjennom å drive ei elevbedrift så skjer det mykje læring, både sosialt og fagleg seier Anne Grethe. Elevane har vist både engasjement samarbeidsevne og utforskartrang. Dei har omsett idè til handling. Utvikla kvalitetsprodukt dei er svært stolte av og samarbeida godt med lokalt næringsliv. 

Fiamarka deltok altså på regionmeisterskap sist tysdag og gjorde omlag reint bord. Fiamarka er ei bedrift som legg vekt på at dei gjennom å gjere noko for andre, utviklar seg sjølv og lagar ei verdiskaping i samfunnet. Fiamarka tilbyr ulike tjenester. Bedrifta har utvikla sitt eige smakfulle fenalår og flatbrød, tennbrikettar, tripp-trapp-treskospel, bålpannebenkar og kioskbord, arrangerar uteskule for alle 5. klassene i kommunen og turar til Raudøya for både pensjonistar og andre bygdefolk. 

Elevbedrifta vann 1. plass som beste sosial entreprenør. 

– Juryen si begrunning var at bedrifta er veldig gjennomarbeida og gir eit profesjonelt heilheitsinntrykk der elevane løyser mange utfordringar, fortel Anne Grethe. 

Bedrifta aktiviserar 5. klassingar og er rollemodellar, dei tek vare på norsk handverkstradisjonar som mat, byggeskikk havet og naturen. Bedrifta aktiviserar også eldre og er viktige bidragsytarar i å skape bærekraftige lokalsamfunn. 

Fiamarka tok også 1. plass i beste standoppleving. Elevane syner at dei er stolte av, og har trua på arbeidet sitt, dei formidla på ein framifrå måte og viste svært god samarbeidsevne. 

Elevbedrifta tok også 3. plass i beste videopitch, der dei presenterte bedrifta si. 

Elevane frå Ørsta ungdomsskule reiste stolte heim med tre av fire mogelege utmerkingar. 

– Vi er så takknemmlege for at leiinga ved skulen har tru på arbeidet vårt og gir oss frie tøylar til å prøve ut idêane til elevane og oss, seier Anne Grethe og Frank. Og når vi ser kva dette gjer med elevane si oppleving av meistring og verdi, er vi både stolte og veldig rørte. Vi rettar ei stor takk til samarbeid med lokalt næringsliv som sponsar oss, Vik Ørsta, Frøystad, Sparebank 1 SMN, Sparebanken Møre og Ramoen. Ramoen sponsa oss i vår med til trygge flytedressar til ein verdi av mange tusen. 

Anne Grethe Sandnes

Alle pengane som dei får inn gjennom Fiamarka nyttar dei til å kjøpe nytt utstyr til avd. Liadal og Raudøya. 
 

– Anne Grethe Sandnes
faglærar, Ørsta ungdomsskule

Følg oss