Møte med Statens Vegvesen om E39 Ørstafjordkryssing, 11. april 2024
Ordførar Per Are Sørheim innleia. Formålet med møtet er å få oppdatert informasjon om dei ulike tekniske målingane som er utførte dei siste åra i området Sulafjorden og Vartdalsfjorden. Desse er endå ikkje offentleggjorte, men ligg til kvalitetssjekk i Vegdirektoratet. Signala i nyleg offentleggjort Nasjonal Transportplan (NTP) 2025-36 for ferjefri E39 og strekninga Volda-Vegsund (Ørstafjordkryssing, Vartdalsfjordkryssing, Hafast) er skuffande. Ørsta kommune hadde tidlegare i veka eit positivt møte med Statens Vegvesen (SVV) sin driftsseksjon. Dette gjaldt såkalla mindre prosjekt; mellom anna E39 flyplasskrysset, tiltak i sentrum og E39 Liadal-Rindane. Etter mange år i dialog, ligg det no an til konkrete utbyggingar av desse tiltaka dei komande åra. Dessverre ligg Ørstafjordkryssinga mange år fram i tid, dess viktigare er det å få gjennomført viktige tiltak på E39 i og rundt Ørsta sentrum. Trafikktala (8.000 sentrum, 10.0000 flyplasskrysset, 12.500 Ose, 3.500 Sætre) viser at sjølv om gjennomgangstrafikken blir flytta ut av sentrum, vil det framleis vere stor sentrumstrafikk. Behova for trafikksikring og andre tiltak på E39 er derfor uansett stort.
E39 Ørstafjordkryssing, rask historikk v/Gunnar Wangen
Å frigjere sentrum frå E39 har vore eit langsiktig mål, som kommunen har arbeidd med i mange år. Arbeidet med ny overordna planprosess for E39 utanfor Ørsta sentrum starta i 2012. Tre hovudalternativ for kryssinga (bru og undersjøisk tunnell over/under Raudøya, bru Sørheim-Lianeset), to alternativ innarbeidd i kommunedelplan for Hovdebygda og Ørsta sentrum (vedtatt 2015). Ny områdeplan for Ørsta sentrum vedtatt i 2019 etter arkitektkonkurranse og omfattande arbeid.
Presentasjon teknisk forprosjekt v/Jørn Arve Hasselø, Statens Vegvesen (SVV)
SVV har sidan 2017 samla inn store mengder data om vind, ver og straumforhold på ulike stadar i Sulafjorden og Vartdalsfjorden. Sulafjorden er 3500 -5000 meter brei og 450 m djup i aktuelt kryssingsområde. Datagrunnlaget gir viktig kunnskap om fleire forhold som avgjer vidare planlegging av brukonsept. Tryggleik er grunnleggande for alt arbeidet, og bruene skal ha hundre års livstidsperspektiv. Avansert datainnsamling gir nødvendig grunnlag for forprosjekta, og inneheld mellom anna målingar av vind, oseanografiske forhold; bølger, straum, temperatur, djupneforhold, marine grunnundersøkingar og seismologiske data. SVV har hatt eit utstrakt FoU-samarbeid NTNU, Kjeller Vindteknikk, Universitetet i Stavanger, meterologisk Instistutte, FUGRO og fleire, der det m.a. er brukt romfartstetnologi. Innsamling av data er nyleg avslutta, og utstyr som vindmaster og målebøyer er i ferd med å bli demontert.
Tidlegfasen med mulegheitsstudie, keonseptstudie og forprosjekt er tidkrevande og omfattande. Det er også utført kvantifisering og modellering av ulike lastkombinasjonar og grensetilstandar. Det er gjennomført analyser av utslepp av klimagasser under produksjon av brukonsepta. Forprosjektet viser at kryssing av Sulafjorden er teknisk muleg, og ingen av dei 5 alternativa er teknisk utelukka. I tillegg har analysene i forprosjektet redusert usikkerheita rundt kostnadene (+-25%).
Forprosjektet har fokus på Sulafjorden. Det er teknisk det mest utfordrande prosjektet, og alle løysingar som teknisk kan fungere over Sulafjorden, kan også brukast til kryssing av Vartdalsfjorden. Det er samla inn mykje rådata om ver og vind i aktuelt område for kryssing av Vartdalsfjorden, men desse er ikkje systematiserte. Forprosjekt for Vartdalsfjorden vil ikkje bli starta før kryssing av Sulafjorden er nærare definert.
Vidare planlegging, ma. statleg eller kommunal plan, høyring NTP
NTP 2025-36 er ei stortingsmelding som Stortinget legg ved protokollen. NTP nemner prioriterte prosjekt og overordna rammer. Saka ligg i Transportkomiteen, og skriftlege innspel kan sendast innan 24.april. Naturleg at formannskapet i Ørsta sender innspel. Kommunestyret har sendt meir omfattande høyringsinnspel tidlegare, så denne uttalen bør vere kort og fokusere på E39 Ørstafjordkryssing. Fleirtalsmerknader gir føringar for Statens Vegvesen og Nye Vegar. Prosjekt nemnt i 12-årsperioden kan blir prioritert høgare, dersom prosjektet er klart, Statens Vegvesen prioriterer prosjektet og Stortinget løyver midlar.
Utbyggingsdivisjonen i Statens Vegvesen har også fleksibilitet og rom for faglege prioriteringar innan planlegging. Ørsta kommune bør derfor ha dialog med både Utbyggingsdivisjonen (Ørstafjordkryssing) og driftsdivisjonen med tanke på utbetringstiltak.
Ørsta kommune ønsker tilgang til rådata som er innsamla for Vartdalsfjorden. Desse må analyserast og bearbeidast for å vere nyttig i vidare arbeid.
Samferdseldepartementet har på spørsmål frå Ørsta kommune svart at statleg plan (staten regulerer alt aktuelt område, ikkje kommunane) no er mindre aktuelt enn tidlegare for strekninga Volda-Vegsund, det innber truleg i framtida ordinær regulering der kvar kommune lagar kommunedelplan og reguleringsplan i samarbeid med SVV.
Vidare prosess – drøfting
Ordførar foreslo at kommunen opprettar ei informasjonsside om E39 på kommunen si heimeside, der folk kan søke opp informasjon og oppdateringar.
Vidare arbeid med oppstarta kommunedelplan for E39 Ørstafjordkryssing vart drøfta. Eit slikt arbeid vil vere omfattande og kostbart, og SVV vil uansett ønske å vere i førarsetet i ein slik planprosess. SVV er frå tidlegare klar på at dette først er aktuelt når meir overordna sider ved strekninga Volda-Vegsund er avklart.
Ørsta kommune lagar spissa høyringsinnspel til Transportkomiteen, som også bli sendt fylkeskommunen for evt samla innspel derifrå. Dei politiske partia må arbeide inn mot sine representantar på stortinget og i Vestlandsrådet. Ørsta kommune må også vidare ha tett dialog med Statens Vegvesen, både folk i Utbygging og Drift.
Oppsummering
- Skuffande NTP for ferjefri E39 og Ørstafjordkryssing
- Rådata for vind- og straummålingar Vartdalsfjordkryssinga, men ingen konkret rapport eller status
- Arbeidsgruppa lagar utkast til høyringssvar/innspel NTP om E39Ørstafjordkryssing, til Stortinget (frist 24.april) og til fylkeskommunen
- NTP-arbeidet kan påverkast gjennom komitemerknader i Stortinget, alle politiske parti må påverke (innstilling mai, vedtak juni)
- Bruke Vestlandsrådet som har ferjefri E39 som ei av prioriterte arbeidsoppgåver
- Halde vidare dialog med Davik og Nesje om planleggingsmidlar og viktigheita av E39 Ørstafjordkryssinga
- ØK lagar infoside om E39 Ørstafjordkryssinga på heimesida
Til stades:
Jørn Ave Hasselø, Statens Vegvesen
Per-Are Sørheim
Karen Høydal
Odd Magne Vinjevoll
Yngve Bøstrand
Svein Sunde
Eldar Øye
Gunnar Wangen
Per Ivar Lied (ref)