Eigedomsskatt

Eigedomsskatten vert utrekna på grunnlag av den kommunale taksten eller utifrå formuesgrunnlaget som vert henta frå Skatteetaten. Meir informasjon om skatteetaten sin utrekning finn du på skatteetaten sine nettsider, her kan du også endre grunnlaget for eigedomsskatten

For 2025 har Ørsta kommunestyre vedteke ein eigedomsskattesats på 3,0 promille for alle eigedomar. 

Kommunestyret har også vedteke å kontorjustere eigedomsskatten med 10 prosent – det betyr at alle kommunale takstar vert auka med 10 prosent. Kommunale takstar gjeld alle eigedomar, utanom bustadhus og leilegheiter (dei som har formuesgrunnlag frå Skatteetaten). Rettleiar for kontorjustering.

Informasjon om eigedomsskatt:

Utsending av skattesetel

Skattesetel vert sendt ut innan utgangen av februar. 

Skattesetelen viser oversikt over eigedomen med matrikkelnummer, takst, skattegrunnlag, skattesats og sum eigedomsskatt som gjeld, og er etter lova definert som enkeltvedtak med klagerett.

Offentleg ettersyn

Takstar for eigedom i Ørsta vert i slutten av februar kvart år lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Skattelistene er tilgjengelege på servicekontoret på Ørsta rådhus og her på kommunen si heimeside.

Kommunal takst

Kommunal takst fastsett av kommunen gjeld for fritidsbustadar, våningshus, ubygde tomter og næringseigedom.

Taksten er tufta på fakta om eigedomen der ulike bygningstypar og areal utgjer verdi etter sjablonar. Ubygde tomter regulert til næring, bustad eller fritid vert også skattlagd med sjablonverdi. 

Tilstand, standard og kvalitet på eigedomen vert vurdert utifrå utvendig synfaring. For 2025 er takstane kontorjusterte med 10 %, jf. vedtak i kommunestyret 12.12.2024. Dette gjeld ikkje for vasskraftanlegg eller takstar frå skatteetaten (formuesgrunnlag).

Takst frå skatteetaten – Formuesgrunnlag

Eigedomsskatten med formuesgrunnlag frå Skatteetaten gjeld for bustadar.

Nye bustadar er fritekne frå eigedomsskatt dei 2 første åra etter ferdigstilling, deretter vert formuesgrunnlaget gjeldande.

Meir informasjon om skatteetaten sin utrekning finn du på skatteetaten sine nettsider, her kan du også endre grunnlaget for eigedomsskatten

Eigedomar med fleire eigarar

Faktura vert sendt berre til ein av eigarane. 

Ynskjer mottakar/sameiget at faktura skal bli sendt til ein annan eigar ta kontakt med eigedomsskattekontoret

Klage

Klager på takst etter formuesgrunnlaget (bustadar) skal rettast til Skatteetaten. Meir informasjon finn du på Skattetaten.no.

Klager etter kommunale takster (på fritidsbustadar, våningshus, ubygde tomter og næringseigedom) skal rettast til eigedomsskattekontoret. Klage kan sendast skriftleg i dette skjema.  

Klagefristen er 6 veker frå skattelistene vert lagt ut til offentleg ettersyn, eller frå det tidspunktet skattesetelen vert utsendt om det er seinare.

NB: Det kan ikkje klagast på same grunnlaget meir enn ein gong.

Klagehandsaming

Eventuell klage på kommunal takst vert først handsama i sakkunnig nemnd for taksering av eigedomsskatteobjekt (takstnemnda). Dersom klagen ikkje får medhald i takstnemnda, går den vidare til endeleg avgjerd i sakkunnig klagenemnd for taksering av eigedomsskatteobjekt (klagenemnda).

Sjølv om det vert levert klage skal eigedomsskatten betalast, jf. eigedomsskattelova § 25. Skuldig beløp eller beløp til gode vert normalt avrekna/utbetalt i neste termin. 

Klage skal vere skriftleg, og det kan ikkje klagast på same grunnlaget fleire gongar. 

Fritak for eigedomsskatt

Fritak etter eigedomsskattelova § 7 a, b og c

  • § 7a Eigedom eigd av institusjon, lag eller foreining som blir brukt til allmennyttig formål
  • § 7b Historisk/freda bygg
  • § 7c Nye bustadar dei 2 første åra etter ferdigstilling

Kommunestyret kan årleg gjere enkeltvedtak om fritak etter søknad. For 2025 har kommunestyret gjort vedtak om fritak for eigedomar etter eigedomsskattelova § 7 a, b og c.

Søknadsfrist: 31.01.2025. 

Dei som fekk fritak i 2024 og ikkje har endringar i grunnlaget, treng ikkje søkje på nytt for 2025 då fritaket vert forlenga med eitt år i gongen jf. vedtak i kommunestyret. Liste om bygg med fritak.

Søknadskjema

Fritak etter eigedomsskattelova § 28

Formannskapet kan i særlege høve setje ned/ettergje eigedomsskatten, jf. Eigedomsskattelova  § 28. Søknad etter denne paragrafen skal sendast til kommunen gjennom søknadskjemaet under. Sjå også KS sin rettleiar om temaet.

Retningsliner for fritak frå eigedomsskatt etter § 28 i eigedomsskattelova:

  • Husstandar med ei samla brutto årsinntekt lågare enn 3G (folketrygda sitt grunnbeløp x 3) ved siste skattemelding, kan søke om fritak. Som inntekt reknast løn, pensjonar, renteinntekter, aksjegevinstar mm.
  • Bur det fleire enn søkjar i bustaden vil desse vert rekna med som ein del av hustanden og deira bruttoinntekt vert lagt saman med søkjar si brutto inntekt.
  • Eventuell inntekt frå leigebuar vert rekna som inntekt for søkar.
  • For einslege forsørgarar kan samla brutto årsinntekt vere opptil 3,5G ved siste skattemelding.
  • Viss husstanden sine samla bankinnskot er større enn 1G (folketrygda sitt grunnbeløp), vert det ikkje gitt fritak frå eigedomsskatt. Dette gjeld berre for personar over 18 år med inntekt.
  • Søkar må sjølv bu på eigedomen.
  • Det er ikkje fritak frå eigedomsskatt på fritidsbustadar og sekundærbustadar.
  • Retningslinjene skal evaluerast etter eit år for å sjå kva effekt dei har, og kor godt dei treff målgruppa. Det skal spesielt belysast kor mange søknadar som vert innvilga etter individuell vurdering.

Det er mogleg å søke sjølv om desse retningslinjene ikkje er oppfylt. Søknadar som ikkje oppfyller retningslinene, men som likevel kan oppfylle lova sine vilkår for fritak, vil verte handsama av formannskapet.

Jamfør eigedomsskattelova § 28 så gjeld vedtekne fritak berre for eit år, og det må søkast på nytt kvart år.

Søknadskjema

Sjå utskriftsvenleg versjon.
 

Utsending av faktura og skattesetel og utlegging av skattelista

Skattesetel vert sendt ut som eige dokument i løpet av februar og syner eigedom med matrikkelnummer, takst, skattegrunnlag, skattesats og sum eigedomsskatt som gjeld, og er etter lova definert som enkeltvedtak med klagerett.

Skattelista er planlagt lagt ut til offentleg ettersyn i slutten av februar.

Endre fakturaintervall

Du kan endre fakturaintervallet på eigedomsskatt og andre kommunale eigedomsgebyr. 

Fakturaintervall - alternativer

Du som betalar eit samla årleg beløp på:

  • over kr 4 001: kan velje å motta faktura 1, 2, 4 eller 12 gongar i året.
  • mellom kr 2 001–4 000: kan velje å motta faktura 1, 2 eller 4 gongar i året.
  • mellom kr 1 001–2000: kan velje å motta faktura 1 eller 2 gongar i året.
  • mellom kr 1–1 000: faktura 1 gong i året.

Månadleg faktura føreset at du har avtale om avtalegiro eller e-faktura i nettbanken din med Ørsta kommune.

Endringa vil ikkje ha verknad på allereie utsende eller produserte fakturaer, men vil først verte gjort gjeldande frå neste kvartal.

For å endre intervall må du sende inn dette skjemaet:

Endre fakturaintervall

Min eigedom

Mi side, finn du Min eigedom, der du kan logge deg på med ID-porten og finne oppdaterte opplysningar om din eigedomsskatt og korleis den vert utrekna på dei ulike eigedomar du måtte ha.