Heimehjelp/praktisk bistand satsar

Heimehjelp/praktisk bistand er ei betalingsteneste, der satsen vert vedteke av Ørsta kommunestyre.

Pris

 InntektsgrunnlagPris pr. mnd 2025
0-2 GInntil kr 248 056kr 240*
2 -3 Gkr 248 057 til kr 372 084kr 1 630
3 -4 Gkr 372 085 til kr 496 112kr 2 040
4 -5 Gkr 496 113 til kr 620 140kr 2 450
>5 Gkr 620 141 og overkr 2 765
 Timesats for enkelttimarkr 465 

*Fastsett i sentral forskrift og kan bli endra.

1G = 124 028,- frå 01.05.24. 

Abonnement

Etter eiga forskrift skal alle med inntekt under 2G betale maksimalt kroner 240,- per mnd. Brukarar som mottek tenester som medfører eigenbetaling som er høgare enn øvre tak i si inntekstgruppe, skal betale fast abonnement som vist i tabellen.

Dei som ikkje nyttar avtala hjelpeordning ein månad, får fritak for betaling den aktuelle månaden. Abonnementet går elles som avtala, sjølv om brukaren i einskilde månader ikkje gjer seg nytte av tiltaket fullt ut.

Timebetaling

Timesatsen for hjelp i heimen er sett til kroner 465,-

Betaling etter timesats gjeld for :

  • kortvarige eller tilfeldige avtalar/vedtak om praktisk hjelp
  • faste/varige avtalar med tal på timar som medfører månadsbetaling som er mindre enn abonnementbetalinga for si inntektsgruppe (sjå tabell)
     

Betalingsvanskar

Brukarar av hjelpeordninga som grunna lav inntekt eller store utgifter har vanskar med å sikre eige livsopphald, kan i særlege tilhøve søkje om redusert betaling/fritak for eigenbetalinga.