Inntekt, frådrag, berekningsgrunnlag og etteroppgjer
Inntekt
Kommunen fastset eigenandel/ mnd. på bakgrunn av inntekt. Inntekta omfattar pensjon og andre faste trygdeinntekter, arbeidsinntekt, næringsinntekt og leigeinntekter. Formue blir ikkje tatt med i berekning av eigenandelen. På etterrekninga kvart år vert renteinntekt, utbytte av aksjar og anna avkastning av formue rekna med i årets inntekt.
Frådrag
Skatt, gjeld, gjeldsrenter og frådrag for heimebuande ektefelle og/ eller barn er vanlege frådrag ein får, når eigenbetaling skal reknast ut. Frådrag for heimebuande ektefelle/barn vert redusert dersom ektefelle/barn har eigen arbeidsinntekt eller pensjon.
Berekningsgrunnlag
Berekningsgrunnlaget er beløpet vi får når vi summerer inntekter og trekkjer ifrå frådraga.
Skatt, gjeldsrenter og frådrag for heimebuande ektefelle og/ eller barn vert trekt ifrå summen av inntekta, slik at ein sit igjen med berekningsgrunnlaget.
Berekningsgrunnlaget er utgangspunktet for å rekne ut den eigenandelen bebuaren skal betale kvar mnd.
Bebuaren skal sitte igjen med 25% av forketrygdas grunnbeløp (Grunnbeløp frå 01.05.2024 = kr 124 028), i tilegg til 75% av fribeløpet (kr 10 450 for enkeltrom og kr 50 500 for dobbeltrom i 2025) og 15% av berekningsgrunnlaget over folketrygdas grunnbeløp.
Når ein tek berekningsgrunnlaget og trekk ifrå det bebuar skal sitte igjen med, kjem ein fram til det kommunen kan krevje.
Grunnen til at ein reknar ut 75% av fribeløpet og ikkje 100% er at siste 25% berekningsmessig er blitt inkludert når vi først har berekna 25% av heile grunnbeløpet. Dette er omtalt i forskrifta som fordelen av fribeløpet.
Etterrekning
Kommunen er plikta til å ta ei etterrekning kvart år, når liknings- og skatteoppgjeret for føregåande år er klart. Grunnen til det er at vi bereknar eigenbetalinga på grunnlag av opplysningar frå mellom anna NAV som kan verte endra i skatteoppgjeret. Når likninga er klar veit vi kva inntektene og skatten faktisk vart. Har du betalt for lite, sender vi ei regning og har du betalt for mykje vil du få att pengar.
Frådrag og inntekt som berre er med i etterrekninga
- Formueskatt vert ikkje med som eit frådrag på etterrekninga.
- Renteinntekter og aksjeutbytte er berre med som inntekt i etterrekninga.
- Kommunen kan forandre størrelsen på eigenandelen når vi får beskjed om endringar i inntekt og frådrag. Du må difor gi skriftleg beskjed til sakshandsamar dersom inntekt eller frådrag blir vesentleg endra, slik at vi kan berekne ein ny eigenandel.
- Inntekt og frådrag blir elles berre undersøkt og oppdatert to gongar i året for alle bebuarar, vår og haust.