Alle barn og unge har både rett og plikt til grunnskuleopplæring frå det kalenderåret dei fyller 6 år og til dei har fullført det tiande skuleåret. Rett til grunnskuleopplæring vil seie at alle barn og unge har krav på å få opplæring på ein offentleg grunnskule. Plikt inneber at elevane må delta i grunnskuleopplæring, men ikkje nødvendigvis på ein offentleg skule. Føresette kan òg velje ein privat skule ellerr, privat grunnskuleopplæring i heimen der foreldre underviser eigne barn heime.
(Opplæringslova § 2-1, 2-2 og 22-5.)
Har du spørsmål?
Har du som føresett spørsmål om regelverket, tilrår vi at du tek kontakt med den skulen barnet ditt er elev ved. Dersom du ikkje får svar på det du lurer på, kan du kontakte kommunen som er skuleeigar (kommunalområdet Oppvekst, kultur og integrering). Du kan òg vende deg til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Oppvekst, kultur og integrering skal bidra til implementering og gjennomføring av nasjonale og lokale føringar; vere pådrivar for nye prosjekt, tilretteleggje og følgje opp kompetanseutvikling og rettleie skulane våre i ulike pedagogiske endringsprosessar.
Ansvarsområdet omfattar m.a.:
- Kunnskapsløftet
- Oppfølgjing av fagleg kvalitet i Ørstaskulen
- Kvalitetsvurdering og -utvikling
- Fremje læring på alle nivå
- Nettsida
- Sjå til at skulane vert styrt i tråd med opplæringslov og forskrifter
- Ressurstildeling til skulane
- Handsaming av enkeltvedtak og klager
- Samarbeid med andre tenesteområde for å gi elevane gode oppvekstvilkår