Privat grunnskuleopplæring i heimen

Føresette til elevar i grunnskulen kan etter opplæringslova § 2-2 Plikt til grunnskuleopplæring velje å undervise eigne barn heime. Under følgjer meir informasjon om kva plikter og rettar dette inneber for føresette som vel å undervise barna sine i heimen.

Meldeskjema om privat grunnskuleopplæring i heimen

Plikt til grunnskuleopplæring

Opplæringslova § 2-2

Barn har plikt til grunnskoleopplæring frå det året dei fyller seks år, til dei har avslutta det 10. trinnet. Grunnskoleopplæringa skal gjennomførast på ein offentleg skole, ein privat grunnskole som er godkjend etter § 22-1 eller etter privatskolelova, eller gjennom privat grunnskoleopplæring i heimen, jf. § 22-5.

Barn har plikt til grunnskoleopplæring når dei har vore i Noreg i tre månader. Plikta fell bort når barnet oppheld seg utanlands i tre månader.

Kommunen kan frita ein elev heilt eller delvis frå opplæringsplikta dersom omsynet til eleven tilseier det, foreldra samtykkjer og det ligg føre ei sakkunnig vurdering. Elevar som har fått fritak frå opplæringsplikta, mister ikkje retten til opplæringa dei har fått fritak frå.

Kommunen kan gi ein elev permisjon frå skolen dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg. Kommunen gir forskrift om permisjon frå skolen.

Ein elev som høyrer til eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, har rett til permisjon frå skolen dei dagane trussamfunnet har helgedag, dersom foreldra sørgjer for den opplæringa som må til for at eleven skal kunne følgje med i opplæringa på skolen etter fråværet.


Barn og unge skal gjennom opplæring i heimen få moglegheit til å tileigne seg tilsvarande kunnskapar som i den offentlege grunnskulen. Det inneber eit krav om at læreplanverket for grunnskulen skal følgast.

Kriterium for privat grunnskuleopplæring i heimen

Kommunen krev ikkje at du har formell pedagogisk kompetanse for å undervise ditt eige barn, men innhaldet i undervisninga må følgje ny opplæringslova frå 1. august 2024. Du melder skriftleg i frå til kommunen dersom du skal starte med privat grunnskuleopplæring i heimen. Meldeskjema finn du her.

Kommunen har ikkje plikt til å halde barna med lærebøker eller anna undervisningsmateriell når dei mottek privat grunnskuleopplæring i heimen. Dette inneber til vanleg at læremiddel som eleven har fått utlevert på kommunal skule, t.d. lærebøker og chromebook, skal leverast inn att på skulen. Det kan for korte tidsrom vere aktuelt å inngå ein leigeavtale for undervisningsmateriell mellom kommunen og føresette. Føresette har heller ikkje rett på økonomisk kompensasjon frå kommunen dersom dei underviser eigne barn heime. 
 

Privat grunnskuleopplæring i heimen må vere åtskild frå skuleverksemd. Skal du undervise andre barn enn dine eigne, må Kunnskapsdepartementet godkjenne drift av skule.
 

Nokre rettar, som til dømes retten til individuelt tilrettelagd opplæring, særskild språkopplæring og individuell vurdering (karakterar), gjeld ikkje for barn som blir undervist heime.

Tilsyn

Lovføresegna inneber at kommunen har både ein rett og ei plikt til å føre slikt tilsyn, og kan òg kalle elevar inn til særskilde prøver. For elevar i Ørsta kommune vil dette bety at dei kartleggingsprøvene som skulane nyttar til vanleg, skal gjennomførast. Dersom barnet ikkje syner forventa progresjon i tråd med kompetansemåla i læreplanverket og i dei grunnleggande dugleikane, vil Ørsta kommune krevje at barnet begynner på skulen.

Ungdomsskuleelevar som får privat grunnskuleopplæring i heimen, har ikkje rett til ordinært vitnemål med karakterar fra grunnskulen. Det finst heller ikkje noko ordning med privatisteksamen for grunnskuleelevar. Kommunen skal i staden skrive ut ein dokumentasjon om at grunnskulen er fullført. Heimen er ansvarleg for å sende førespurnad om slik dokumentasjon til kommunen i god tid før opptak til vidaregåande skule. Kommunen kan ikkje gje slik dokumentasjon med mindre vi gjennom tilsynet er trygge på at borna har fått opplæring i tråd med gjeldande læreplan. 

Lover og retningsliner

Lov og forskrift

Retningsliner

Handsaming av personopplysningar


Ørsta kommune har som mål at informasjonstryggleik og personvern skal vere ein naturleg del av vårt arbeid. Les meir om korleis kommunen handsamar personopplysningar.

Dersom de har spørsmål om innhaldet i denne informasjonen, kan de ta kontakt med Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune. 

Kontakt

Mari-Anne Aarskog rådgjevar
40583293
@ Mari-Anne Aarskog