Utsett eller tidleg skulestart

Vanlegvis startar barnet på skulen året det fyller 6 år, men det kan vere grunnar til både å utsetje skulestarten med eitt år eller starte eitt år tidlegare.

Opplæringslova § 2-4. Utsett og tidleg skolestart

Kommunen skal la eit barn byrje på skolen det året barnet fyller sju år, dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer og det etter ei sakkunnig vurdering er tvil om at barnet er komme langt nok i utviklinga si til at det bør byrje på skolen det året barnet fyller seks år.

Kommunen kan la eit barn byrje på skolen det året barnet fyller fem år, dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer og ei sakkunnig vurdering viser at det er forsvarleg.

Utsett skulestart

Utsett skulestart inneber skulestart det året barnet fyller 7 år. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetje skulestarten eitt år. 

Slik søkjer de:

  1. Om de ynskjer å få vurdert om barnet dykkar er kome tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starte på skulen, kontaktar de styraren i barnet sin barnehage, eller stab hjå kommunalområde Oppvekst kultur og inkludering om barnet ikkje går i barnehage.
  2. Styrar og føresette søkjer bistand ved PPT for sakkunnig vurdering. Stab hjå Oppvekst, kultur og inkludering søkjer bistand ved PPT for sakkunnig vurdering for barn som ikkje går i barnehage. PPT krev signert samtykke frå føresette. 
  3. Når PPT har skrive den sakkunnig vurderinga, kan føresette sende ein grunngjeven søknad om utsett skulestart til kommunalområde Oppvekst, kultur og inkludering.
  4. Når søknaden er vurdert vil de få eit grunngjeve vedtak. I vedtaket finn de òg informasjon om klagerett.


Søknadsfrist

Søknadsfrist: 1. mars det året barnet fyller 5 år.
NB! Kontakt kommunalområde Oppvekst, kultur og inkludering i god tid før søknadsfristen.

Tidleg skulestart

Dersom føresette søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkunnig vurdering la eit barn ta til på skulen eitt år før når det innan 1. april har fylt 5 år.


Slik søkjer de

  1. Føresette kontaktar Oppvekt, kultur og inkludering, Ørsta kommune. Oppvekt, kultur og inkludering kontaktar PPT (pedagogisk psykologisk teneste).
  2. Når PPT har skrive ei sakkunnig vurdering om dette, kan føresette sende ein grunngjeven søknad til kommunalområdet Oppvekt, kultur og inkludering.
  3. Når søknaden er vurdert vil de få eit grunngjeve vedtak. I vedtaket finn de òg informasjon om klagerett.


Søknadsfrist

Søknadsfrist: 1. mars det året barnet fyller 5 år.
NB! Kontakt kommunalområdet Oppvekt, kultur og inkludering i god tid før søknadsfristen.