Datoane for munnleg eksamen blir bestemt lokalt.
Trekk til eksamen og førebuingsdag
Elevar får informasjon om kva fag ein er trekt ut i 48 timar før eksamen. Helligdagar og høgtidsdagar tel ikkje med i dei 48 timane.
Førebuingsdagar er obligatoriske skuledagar, og elevane har rett på pedagogisk tilbod. Førebuingsdelen skal førebu elevane på utfordringar og oppgåver ein møter på eksamen i faget. Førebuinga er ein del av eksamen og elevar med udokumentert fråvær på førebuingsdagen, må møte på eksamen.
Gjennomføring av munnleg eksamen
Munnleg eksamen kan vare inntil 30 minutt for kvar elev. For munnleg-praktisk eksamen er tidsramma inntil 45 minutt. Karakterar blir sett på individuelt grunnlag, og eleven får vite karakteren med det same sensorane har blitt samde. Eksamenskarakteren er eit uttrykk for kompetansen kvar einskild elev syner på eksamen.
Kravet om ein presentasjon som utgangspunkt for samtalen under munnleg eksamen er oppheva frå 1. august 2020. Presentasjon kan framleis bli nytta, men dette er frivillig for eleven.
Vurderingsgrunnlag
Vurderingsgrunnlaget for eksamen er kompetansen som blir vist på eksamensdagen. Førebuingsdelen er ikkje ein del av vurderingsgrunnlaget.
Det er kompetansemåla i faget som er grunnlaget for vurderinga av eleven si fagkompetanse. Kompetansemåla vil vere utgangspunkt for utvikling av kriterie for vurdering av eksamen. Munnlege ferdigheiter kan inngå som ein større eller mindre del av eleven si kompetanse, jf. munnlege ferdigheiter som ein av fem grunnleggjande ferdigheiter i læreplanen.
Les meir om munnleg eksamen på udir.no