Skulefritidsordning (SFO)

Opningstider SFO: kl. 07.15–16.15. Grunna ulik organisering av skulekvardagen ved dei einskilde skulane, kan opningstidene variere noko frå skule til skule. Sjå meir under.

Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.–4. årstrinn, og for born med behov for individuell tilrettelegging på 1.–7. årstrinn. Skulefritidsordninga skal leggje til rette for fysisk aktivitet, leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos borna. Skulefritidsordninga skal gi borna omsorg og tilsyn. Born med behov for individuell tilrettelegging skal ha gode vilkår for utvikling. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet. Ørsta kommune praktiserer bindande påmelding. Skulefritidsordninga er eit frivillig tilbod finansiert av foreldrebetalinga.

Rektor er øvste ansvarlege, men dei største SFO-ane har SFO-koordinator.

Gratis SFO 12 timar i veka for elevar på 1.–3. trinn. 

Ingen husstand skal betale meir enn 6% av den årlege inntekta si for ein SFO plass for born på 1. til og med 4. årstrinn. Dersom den årlege summen for SFO utgjer meir enn 6% av den årlege inntekta til husstanden, kan ein søkje om redusert foreldrebetaling.

Søknad

Søke på SFO-plass gjere du i Vigilo. Då loggar deg inn på vigilo.no/orsta via ID-porten.

Dette gjeld også når du skal gjere endringa på plass eller seie den opp. For meir informasjon om Vigilo (Ørsta kommune sitt oppvekst- og administrasjonssystem): Trykk her

Plasstilbod

Heilt tilbod - 10 mnd
  • 5 dagar i veka, før og etter skuletid
  • Fakturert for 10 mnd
Heilt tilbod - 11 mnd (med ferie SFO)
  • 5 dagar i veka, før og etter skuletid
  • Fakturert for 11 mnd
  • Med ferie-SFO 

For skuleåret 2025–2026 er det ferie-SFO:

  • Sommarferien 2025: frå 1. august til og med 12. august
  • Haustferien 2025: veke 41
  • Vinterferien 2026: veke 8
  • Sommarferien 2026: 22. og 23. juni 
Delt tilbod - 10 mnd
  • 3 dagar i veka, før og etter skuletid
  • Fakturert for 10 mnd
Delt tilbod - 11 mnd (med ferie-SFO)
  • 3 dagar i veka, før og etter skuletid
  • Fakturert for 11 mnd
  • Inkludert ferie-SFO (3 dagar i veka/12 av dei 20 ferie-SFO dagane)

For skuleåret 2025–2026 er det ferie-SFO:

  • Sommarferien 2025: frå 1. august til og med 12. august
  • Haustferien 2025: veke 41
  • Vinterferien 2026: veke 8
  • Sommarferien 2026: 22. og 23. juni 
Korttidsplass ettermiddag
  • 5 dagar i veka
  • Berre ettermiddagar etter skuletid
  • Fakturert for 10 mnd
Korttidsplass morgon
  • 5 dagar i veka
  • Berre morgonar før skuletid
  • Fakturert for 10 mnd
Gratis-plass
  • Berre for 1.–3. klasse
  • 12 timar i veka (2,4 time per dag)
  • Inkludert 6 dagar med ferie-SFO

Ferie-SFO for gratis-plass er i skuleåret 2025–2026 desse dagane:

  • Sommarferie: 11. og 12. august
  • Haustferie: 6. og 7. oktober 
  • Vinterferie: 16. og 17 februar (2026)
Kjøpe ekstra dag?

Det er mogeleg å kjøpe ekstra dagar i skuleåret, men ikkje i feriane. Sjå pris for dette.

 Opningstider

Opningstider SFO: kl. 07.15–16.15. Grunna ulik organisering av skulekvardagen ved dei einskilde skulane, kan opningstidene variere noko frå skule til skule.

Dalane skule SFO

Opningstid SFO: Kl. 07.15–16.15

Gratis SFO 12 timar veke for elevar på 1.–3. trinn. Kvar ettermiddag 5 dagar i veka: Frå skuleslutt til kl 16.00, unnateke onsdag: då er det til kl. 14.00.

Det vil vere mogeleg å kjøpe ekstra dag. 

Hovden skule SFO

Opningstid SFO: Kl. 07.15–16.15

Gratis SFO 12 timar veke for elevar på 1.–3. trinn. Kvar ettermiddag 5 dagar i veka: Frå skuleslutt til kl. 16.05.

Det vil vere mogeleg å kjøpe ekstra dag. 

Sæbø skule SFO

Opningstid SFO: Kl. 07.30–16.30

Gratis SFO 12 timar veke for elevar på 1.–3. trinn.Kvar ettermiddag 5 dagar i veka: Frå skuleslutt til kl. 16.00.

Det vil vere mogeleg å kjøpe ekstra dag. 

Vartdal skule SFO

Opningstid SFO: Kl. 07.15–16.15

Gratis SFO 12 timar veke for elevar på 1.–3. trinn. Kvar ettermiddag 5 dagar i veka: Frå skuleslutt til kl. 15.40.

Det vil vere mogeleg å kjøpe ekstra dag. 

Velle skule SFO

Opningstid SFO: Kl. 07.15–16.15

Gratis SFO 12 timar veke for elevar på 1.–3. trinn. Kvar ettermiddag 5 dagar i veka: Frå skuleslutt til kl. 16.10.

Det vil vere mogeleg å kjøpe ekstra dag. 

Vikemarka skule SFO

Opningstid SFO: Kl. 07.15–16.15

Gratis SFO 12 timar veke for elevar på 1.–3. trinn.Kvar ettermiddag 5 dagar i veka: Frå skuleslutt til kl. 16.10.

Det vil vere mogeleg å kjøpe ekstra dag. 
 

I tillegg vert det drive privat skulefritidsordning ved Åmås friskule.

Kontakt

Bjørg Engeset Gjersdal konsulent
94840986
@ Bjørg Engeset Gjersdal
SFO Dalane skule SFO koordinator Hanne Øyra
41864321
91735757
SFO Hovden skule SFO koordinator Eli Schølberg
91153473
94782166
@ SFO Hovden skule
SFO Sæbø skule SFO koordinator Sølvi Anita Viddal
47668379
SFO Vartdal skule SFO koordinator Gunn Brandal
99286980
SFO Velle skule SFO koordinator Maren Vik Mårstøl
46926588
SFO Vikemarka skule SFO koordinator Janne Kristin A. Solhaug
90543769
@ SFO Vikemarka skule