Lokal rammeplan for SFO


Bakgrunn

SFO skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå barna, og gje barna omsorg og tilsyn. Rammeplanen for SFO har status som forskrift med heimel i Opplæringslova § 4-5. Forskrifta gjeld frå 1. august 2021. Rammeplanen gjev rom for lokale variasjonar, satsingar og planar. 

 

Formål med lokal plan for SFO i Ørsta kommune

  • Planen skal omsetje rammeplanen sitt verdigrunnlag og innhald til praksis, der også dei lokale tilpassingane har sin plass 
  • Planen skal fungere som ein arbeidsreiskap for personalet, og vere eit utgangspunkt for refleksjon, vurdering og utvikling av tilbodet 
  • Planen skal medverke til å synleggjere og gi informasjon om det som foregår i SFO til foreldre og andre
  • For å skape felles forståing for arbeidet, er det viktig at personalet er med på å utarbeide planen. På den måten blir planen lettare forankra, forstått og brukt som eit arbeidsdokument 
  • Rammeplanen vektlegg at arbeidet med planen skal bygge på inkludering og barns medverknad.
Verdigrunnlag

SFO skal bygge sin praksis på grunnleggande verdiar som er felles i formålsparagrafane til barnehage og grunnopplæringa. Kapittel 9 A i Opplæringslova, elevane sitt skulemiljø, slår fast at retten til godt skulemiljø også gjeld for SFO. Verdigrunnlaget skal formidlast og praktiserast i alle delar av arbeidet i SFO og prege innhald og praksis.

Grunnleggande verdiar som skal ligge til grunn er:


Her kan du lese meir om dei grunnleggande verdiane.


Verdiane for Ørsta kommune er viktige grunnsteinar for vidare arbeid i den einskilde skulefritidsordning.

”Utfordringane våre er å gjera verdiane våre til etablerte haldningar. Kjernen i alt me gjer handlar om å utvikle og bruke kompetansepotensialet vårt på best mulig måte.” – Linda Lai, 2013.

For å sikre dette må dei tilsette vere kompetente vaksne som er i stadig utvikling og endring. Tilsette sitt arbeid skal vere prega av ei anerkjennande haldning. Dei skal ha kunnskap om barn si utvikling og vere undrande og rause vaksne som tek barn på alvor.

Lokale SFO-rammeplanar for skulane i Ørsta

Årsplan for SFO skal vise korleis ein omset rammeplanen sitt verdigrunnlag og innhald i praksis. Årsplanen skal vere ein arbeidsreiskap for personalet, og medverke til å gi informasjon til føresette, barn og andre samarbeidspartar. 

Dalane SFO
Hovden SFO
Sæbø SFO
Vartdal SFO
Velle SFO
Vikemarka SFO

Kompetanseutvikling 2025

Mål og rammer for implementering av Rammeplan for SFO i Ørsta

Målet med utviklingsarbeidet for lokal rammeplan for SFO i Ørsta kommune, er å vidareutvikle fagleg og praksisnær kompetanse, som styrkar SFO tilsette sitt arbeid i laget rundt barnet. Det overordna temaet er implementering av rammeplan for SFO med fokus på verdigrunnlag og kvalitetsutvikling.

Etter at nasjonal Rammeplan for SFO kom i 2021, gjekk vi frå bør til skal på alt som SFO skal gjennomføre etter forskrifta. Dette stiller større krav til rektorar og dei tilsette i SFO. Difor har vi starta samarbeid om ei felles kompetanseheving i kommunen.

Terje Wiik frå nettverk SFO var med å starte opp satsinga i august 2022. Etter planen er det gjennomført fem inspirasjonsdagar med erfaringsdeling mellom SFO-avdelingane. Der har det mellom anna blitt arbeidd med verdigrunnlaget og lokale rammeplanar for SFO i Ørsta kommune, med detaljerte periodeplanar. Evalueringa av arbeidet våren 2024 synte klart at dette utviklingsarbeidet skal halde fram, og det er planlagt to nye samlingar for tilsette i SFO for skuleåret 2024-2025.

Friskliv Ørsta vil ta del på inspirasjonsdagen i august 2024, og for skuleåret 2024-2025 skal SFO i Ørsta starte opp med aktivitetar frå Frisk og Aktiv, som blir lagt inn i årshjulet for SFO.

Årshjul – Frisk og aktiv i Ørsta SFO

SFO - frisk og aktiv
Periode Tema
August/september/oktober Grunnleggande motorikk. Stabilitet og styrke.
November/desember Balanse. Rom-retning og synssans. Finmotorikk.
Januar/februar/mars Koordinasjon. Likevektssans.
April/mai/juni Hoppe-, ball- og fartsaktivitet.

Kvar SFO skal jobbe med tema mellom samlingane. Rektor og SFO-koordinator ved kvar skule skal leie arbeidet, og set av tid til førebuing før samlingane. Dei har og ansvar for at kvar SFO lagar eigne årsplanar. Å ta barna med i prosessen med å lage ein god årsplan er viktig. Barna kan på denne måten gle seg til å kome til ein trygg og god SFO. Her skal vennskap skapast på kryss og tvers av barnegruppa. SFO skal gi føresette informasjon om tilbodet, avklare forventningar og legge til rette for at føresette kan medverke i arbeidet med å vidareutvikle innhald og kvalitet. 

Kommunale vedtekter

Kommunale vedtekter for SFO i Ørsta kommune

Heimel: Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 4-5.

§ 1. FØREMÅL

Opplæringslova § 4-5 første ledd: Kommunen skal ha tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for elevar på 1. til 4. trinn og for barn med behov for særskilte tiltak på 1. til 7. trinn.

 Omgrepet «barn med behov for særskilte tiltak» er eit lokalt vedtatt omgrep i LKU 18/24, og Ørsta kommune likestiller innhaldet i dette omgrepet med omgrepet «elvar med særlege behov» i Opplæringslova § 4-5.

 Det er ikkje statleg krav om SFO ved alle skular, og heller ikkje om SFO i skuleferiane.

 Opplæringslova § 4-5 seier vidare: «Kommunen skal leggje til rette for leik og kultur- og fritidsaktivitetar i skolefritidsordninga. Aktiviteten skal vere tilpassa alderen, funksjonsevna og interessene til barna. I skolefritidsordninga skal barna få omsorg og bli passa godt på, og barn med nedsett funksjonsevne skal få gode utviklingsvilkår».

 Opplæringslova § 12-7 om det fysiske miljøet seier: Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira. Skulen skal innreiast slik at det leggjast til rette for dei elevane ved skulen som har nedsett funksjonsevne.

Tilbodet skal vere tufta på same verdiar som skulane i Ørsta har.