Raudt nivå tilseier at det er omfattande ustabile tilhøve. Det er venta store skred som losnar av seg sjølv. Skred kan losne av seg sjølv allereie frå morgonen av, men skredfaren aukar utover dagen ettersom snøen vert utsett for meir og meir mildvêr og regn. Faren for store skred som når langt er størst i dei områda som har fått mest snø dei siste dagane. Hald god avstand til skredterreng.
Oppsøk meir informasjon på varsom.no før du ev. legg ut på tur. I tillegg er det oransje farevarsel for jord-, sørpe-, flaumskred og gult farevarsel for flaum, regn og snø.
Hald sluk og rister frie for is og snø!
– Ørsta kommune har gjort forebyggande tiltak, og har tilsette i beredskap for å hjelpe teknisk vakt dersom det trengst, uttaler assisterande kommunedirektør Eldar Øye. – Men folk må gjerne hjelpe til med å halde sluk og rister frie for is og snø nært der dei bur, og generelt vere varsam og årvåkne denne dagen. Ver spesielt merksam på at elvar og mindre bekkar brått kan frakte større mengder med sørpe, vatn og is.
Informasjonsside om beredskap