Eg er både imponert og takknemleg over den raske responsen til uteseksjonen. Dei vart oppringde midt under nyttårsmiddagen og kom raskt til det flaumutsette området. - Eldar Øye, teknisk sjef.
Bilete frå staden. T.v. viser grøfter og rør som ikkje klarte ta unna vassmengdene.
Dei store nedbørsmengdene hadde bidrege til fulle grøfter og vassrør, og vatnet tok seg snarvegar over Storebakken og ned mot Vallabøen. Fleire hus stod i fare for å ta inn vatn, men uteseksjonen og ei gravemaskin lånt av Anleggsservice klarte å redde husa frå ein alvorleg flaumsituasjon.
Uteseksjonen fortjenar skryt for det «usynlege» arbeidet dei gjer, som sikrar hus og heim. Dette gjer at ting går bra, og ein klarer å hindre alvorlege hendingar. Eg rettar difor ein stor takk for godt arbeid! – Eldar Øye, teknisk sjef.