Fredag ettermiddag 16:00 – 18:00 øvde Ørsta brann og redning lag 4 på farleg gods. Ved trafikkulukker med farlege stoff eller lekkasjar i farleg stoff i fabrikk rykkjer brannvesenet ut med kjemikaliedykkarar for å tette og avgrense utslepp. Det er dirfor viktig for oss å øve på dette.
Søndag ettermiddag 14:47 rykka Ørsta brann og redning ut til automatisk brannmelding på Ørstahallen. Ball på meldar. Ingen brann.
Natt til måndag 01:47 rykka Ørsta brann og redning ut til automatisk brannmelding på Brødrene Øyehaug AS. Røyk i fyrrom orsak til alarm. Kjele vart kopla frå og røyk utlufta.