Veke 12: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – Veke 12 – 19.03.2019 – 26.03.2019 

Tysdag kveld 17:00 deltok Ørsta brann og redning på øving i Eiksundtunellen, saman med politi, ambulanse, samt Volda brannvesen, Hareid og Ulstein brannvesen og Hornindal brannvesen. Øvinga omhandla brann i tunnel og det var fysisk testing med røyk .


Tysdag kveld 18:00 øvde mannskapa ved Vartdal brannstasjon på røykdykking og vassforsyning. Røykdykking er ei av brannvesenet sine mest krevande oppgåver, det er derfor svært viktig å øve på dette.


Tysdag kveld 21:47 rykte Ørsta brann og redning ut for å bistå Volda brannvesen med søk etter person. Personen var funne i god behald og utrykkinga var avslutta.


Tysdag kveld 18:00 øvde Ørsta brann og redning på kjemikaliedykking saman med industrivernet på Tine Meieriet. Øvinga gjekk ut på lekkasje i ammoniakk og ein sakna person som måtte hentast ut. Øvinga saman med industrivernet er viktig for å sikre godt samarbeid ved ei reel hending. 


Torsdag kveld 17:00 øvde mannskapa ved Bjørke branndepot på førstehjelp og HLR. På grunn av branndepotet si plassering vil brannmannskapet vere næraste ressurs ved akutte hendingar som gjeld helse. Vi har derfor fokus på dette.


Fredag ettermiddag 16:00 – 18:00 øvde Ørsta brann og redning lag 1 på farlig gods. Ved trafikkulykker med farlige stoffer, eller lekkasjar i farlig stoff i fabrikk rykker brannvesenet ut med kjemikaliedykkarar for å tette og begrense utsleppet. Det er derfor viktig for oss å øve på dette.


Fredag kveld 18:07  rykte Ørsta brann og redning ut til brann i høgspentmast i Årsetdalen på Vartdal. Brannen var sløkt og Mørenett kopla ut straumen frå Øye og oppover Årsetdalen.


Laurdag føremiddag 10:15 laurdag føremiddag rykte Ørsta brann og redning ut til utforkøyring ved Vartdal kyrkje. Brann sikra skadestad og fekk bilen ut av vegen. Ingen personskade.


Laurdag ettermiddag 15:52 rykte Ørsta brann og redning ut til trafikkulukke på Nørestranda i Ørsta. Bilen hadde køyrt av vegen og inn i ein lyktestolpe. Brann sikra skadestad og fekk flytta bilen. Ingen personskade.


Laurdag kveld 18:38 rykte Ørsta brann og redning ut til pipebrann Ytrehovdevegen. Gjekk over skorsteinen med varmekamera for å sjekke temperaturar. Det var samtidig røykdykkarar på taket med feiieutstyr. Feiar var ute og kontrollerte skorsteinen måndag morgon.


Søndag ettermiddag 14:02 rykte Ørsta brann og redning ut for å bistå helse med bærehjelp i furene.