Veke 15: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – Veke 15– 09.04.2019 – 16.04.2019 

16:00 – 18:00 fredag ettermiddag øvde Ørsta brann og redning lag 4 på overflateredning. Ved personar i elv, sjø eller vatn rykker brannvesenet ut for å få dei forulukka opp av vatnet. I ei elv med sterk strøm er dette ei utfordring som krev regelmessig trening.

18:55 tysdag rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm frå Ørstaheimen. Alarmen skuldast brent plast på komfyr. Brannmannskapet bisto med utlufting og tilbakestilling. Ingen brann.

Heile torsdagen øvde Ørsta brann og redning saman med Helse og politi, samt Volda brannvesen på sambandsbruk og samhandling på skadestad. Ei veldig god øving, der vi fekk øve ilag.

19:57 torsdag kveld rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm frå Viketunet. Alarmen skuldast steikos. Brannmannskapet bisto med utlufting og tilbakestilling. Ingen brann.

06:02 laurdag morgon rykte Ørsta brann og redning husbrann i Ørsta sentrum. Full overtenning i bygget. Alle bebuarar hadde komt seg ut i god behald. Brannmannskap slo ned brannen og hindra spredning til nabobygg. Ettersløkking ut over dagen.

19:58 måndag kveld rykte Ørsta brann og redning ut til oljelekkasje på E39. Brannmannskapet fekk tatt opp det meste og fekk vegvesenet til å skilte området med glatt køyrebane.

18:00 tysdag øvde brannmannskapet på Vartdal på vassforsyning og røykdykking. Røykdykking er ei av dei farligaste oppgåvene til brannmanskapet og vassforsyninga er livsåra til dette arbeidet. Det er derfor viktig at ein får øve på dette.