15:15 Fredag rykte Ørsta brann og redning ut til trafikkulykke Mosmarkvegen. Bil av vegen og i lyktestolpe. Ingen personskade.
11:23 Laurdag rykte Ørsta brann og redning ut til branntilløp i bustad på Vartdal. Framme på staden hadde huseigar sløkt eit branntilløp i ein sofa. Mykje røyk, brannmannskap fekk lufta ut og kontrollert. Alle i bustaden vart undersøkt av ambulansepersonell. På grunn av materiala som er brukt i dagens møblar utviklar brannar seg svært raskt. Huseigar hadde i dette tilfelle røykvarslar som fungerte og brannslokkingsapparat tilgjengeleg og fekk dermed sløkt brannen i startfasa, før det utvikla seg til ein bygningsbrann. Dette viser kor viktig det er å ha kontroll på at røykvarslarane og brannslokkingsapparata fungerar.
16:00 – 18:00 Fredag øvde vaktlag 1 på tauredning/sikring. Ørsta er ei kommune med mange bratte fjellsider , bruer, elveløp og anna krevjande terreng som gjer det nødvendig for brannvesenet å ha kunnskap om tauredning/sikring. Alt frå utforkøyring til personar og dyr som har gått seg fast.
22:52 Søndag rykte Ørsta brann og redning rykte ut til automatisk brannalarm frå Ivar Aasen-gata 10. Teknisk feil årsak til alarmen. Ingen brann.