17:47 Onsdag rykte Ørsta brann og redning ut til røyk i bustad. Framme på staden vart det konkludert med at røyken kom inn frå eldstad. Feiar var ute på kontroll dagen etter og konkluderte med det same. Huseigar fikk beskjed om å kontakte leverandør av den nymonterte skorsteinen.
17:48 Onsdag rykte ØBR ut til øving på Vik Ørsta i Ura. Framme på staden var det meldt om brann i bygning, ein person fastklemt under truck og to til sakna i bygget. Brannmannskapet, industrivernet og ambulansen var med på øvinga. Brannmannskapet fikk brukt løfteputer for å lausne fastklemd person, kjemikaliedrakter for uthenting av personar i farleg miljø og sannering av personar eksponert for farlig stoff. God og lærerik øving.
16:00-17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på tau redning og sikring. Mange oppdragstypar krev eigensikring mot fall. Vi har derfor jamleg gjennomgang for at vi skal ha kontroll å dette.
00:02 Søndag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå Møre Folkehøgskule. Falsk alarm, ingen brann.
14:44 Søndag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå Vallamarka. Matlaging orsak til alarm. Ingen brann.