Veke 43: Nytt frå brannvakta Brann og redningsloggen 19.10.21 – 26.10.21 Tysdag og Onsdag hadde ØBR brannvern opplæring av dei tilsette ved Hjørundfjordheimen. Dei fikk prøve slokking av brann med handsløkkar og brannteppe, samt kjenne på kor vanskeleg det er å orientere seg i røyk. Slik opplæring gir ei god førebyggjande effekt og skapar tryggleik for dei tilsette. Tysdag 18:00–20:00 Øvde brannkonstablane på Vartdal på sotbrann og sikring på tak. Når det oppstår brann i skorsteinen må ofte brannkonstablane opp på taket for å opne opp røykløpet og slokke brannen. Brannar er uføreseielege, og det er derfor viktig at ein sikrar seg mot fall om noko uventa skulle oppstå. Sikring av brannkonstablane kan ikkje gjerast på same måte som for anna arbeid på tak, der ein har tid til å etablere stilas. Ei øving der ein går gjennom sikringsrutinar og gjennomfører dei i rolige former er nyttig for å kunne gjere dette raskt ved ei sotbrann. 11:14 onsdag føremiddag rykte ØBR ut til vasslekkasje i privat bustad på Ose. Brannmannskapet hjelpte til med med utpumping av vatn og redning av verdiar. 18:00–20:00 Onsdag kveld øvde vaktlag 3 og 4 på røykdykking. Brannkonstablane gjennomførte søk etter sakna i røykfult miljø. 07.30–08:30 Torsdag delte ØBR ut refleks til elevane ved Ørsta vidaregåande skule i forbindelse med årets refleksdag. Det var også sendt ut refleks til alle ungdomsskulane. 18:00–20:00 Torsdag kveld øvde brannkonstablane på Sæbø på sotbrann og sikring på tak. Når det oppstår brann i skorsteinen må ofte brannkonstablane opp på taket for å opne opp røykløpet og slokke brannen. Brannar er uføreseielege, og det er derfor viktig at ein sikrar seg mot fall om noko uventa skulle oppstå. Sikring av brannkonstablane kan ikkje gjerast på same måte som for anna arbeid på tak, der ein har tid til å etablere stilas. Ei øving der ein går gjennom sikringsrutinar og gjennomfører dei i rolige former er nyttig for å kunne gjere dette raskt ved ei sotbrann. 16:00–17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på tauredning og sikring. Mange oppdragstypar krev eigensikring mot fall. Vi har derfor jamleg gjennomgang for at vi skal ha kontroll å dette. 17:56 fredag kveld rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå institusjon i Ørsta. Alarmen skuldast røyk i bustadrom. Brannmannskapet hjelpte til med utlufting og tilbakestilling. Ingen brann. 16:17 måndag rykte ØBR ut til trafikkulukke i Hovdebygda. Brannkonstablane bistod med opprydding og trafikkdirigering. Publisert av Øyvind Rødset Sist endra 12.01.2022 15:01