Veke 48: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 23.11.2021 – 30.11.2021

  •  17:00 – 21:00 Onsdag øvde vaktlag 1, 4 og stasjon Sæbø på Varmt røykdykk. Dette er eit krav for alle røykdykkarar at ein skal ha eit varmt røykdykk pr. år.  Dette for å få kjenne på varmebelastninga og søke i varm røyk. Den varme røyken oppfører seg spesielt og det er viktig at brannmannskapet får ei oppfrisking i korleis den oppførar seg.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt øving med tauredningsutstyret. Brannvesenet er ut på mange type hendingar der høgde er ein faktor. Enten ein stå på eit tak og sløkkjer ein brann, vert utkalla på fallulukke eller utforkøyring. For å ivareta eigen sikkerheit og å sikre andre er brannkonstablane avhengig av å ha god kunskap om bruk av tausikringsutstyr.
  • 17:12 Fredag rykte ØBR ut til Automatisk brannalarm frå ein bustad i Ørsta sentrum. Framme på staden kom det fram at det gjaldt tømming av oske frå ein eldstad. Oska var samla opp i ei brennbar bøtte. Bøtta gjekk hol på og det starta å brenne. Brannmannskapet slokkte brannen og lufta ut.
  • 21:03 rykte ØBR ut til melding om eit stort bål og mykje svart røyk på sørestranda. Framme på staden kom det fram at det var eit søppelbål. Det var ingen på staden når brannmannskapet kom til staden. Brenning av avfall er ulovleg. Det skal leverast til godkjent avfallsmottak.