Veke 12: Nytt frå brannvakta Brann og redningsloggen 15.03.22 – 22.03.22 19:05 Torsdag kveld rykte ØBR ut til trafikkulukke i Industrivegen. Motorsykkel hadde svinga unna bil og velta. Brannmannskapet tok hand om den forulukka, sikra køyretøyet og stoppa trafikken. Ein person vart tatt hand om av ambulansen og køyrd til sjukehus for kontroll. 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på farlig gods. E39 går gjennom kommunen og her vert det frakta stort omfang av farlige stoff som bensin, diesel, metan, Nitrogen, oksygen, natriumhydroksid for å nemne nokre av dei vanlegaste. Samtidig har vi mange verksemder i kommunen som enten nyttar farlege stoff som kjølemedium eller som behandlingsstoff i produksjonen. Med bakgrunn i dette har Ørsta brann og redning eigne kjemikaliedykkarar med utstyr for å kunne samle opp og tette lekkasjar i tankar med farleg stoff. 14:34 Laurdag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå Ørstahallen. Framme på staden kom det fram at alarmen skuldast utløyst ved uhell. Ingen brann. 21:29 Måndag rykte ØBR ut til brann i bygning i Ørsta sentrum. På staden kom det fram at det var brann ute i konstruksjonen og at personar på staden hadde sløkt dei synlege flammane. Brannmannskapet fekk opna konstruksjonen, sløkt resterande og kontrollert. Publisert 23.03.2022 12:44