Veke 19: Nytt frå brannvakta Brann og redningsloggen 03.05.22 – 10.05.22 Tysdag hadde ØBR brannopplæring med dei tilsette på Vartdal Helsetun. Der fekk alle informasjon om branntryggleik og prøve å slokke med slokkeapparat og brannteppe. Til slutt fekk dei teste korleis det er å orientere seg i tett røyk i eit bygg og kjenne på kvifor ein ikkje bør gjere det. Godt gjennomført av alle saman. Tysdag, onsdag og torsdag gjennomførte alle brannkonstablane på Ørsta, Vartdal, Sæbø og Øye rekvalifiseringskurs for akutthjelpar. Som akutthjelpar er brannmannskapet opplært i akutt førstehjelp og innhenting av opplysningar for å sikre tidleg og rett behandling av pasient ved akutt sjukdom. Alle brannkonstablar i Ørsta kommune får denne opplæringa årleg. 11:35 Fredag førmiddag rykte ØBR ut til trafikkulukke mellom Barstadvika og Festøya. Fastklemd person. Uavklart skadeomfang. På staden kom det fram at ulykka var front kollisjon mellom to personbilar i 80-sona. Ingen personar fastklemde. Brannmannskapt sikra skadestaden, tok straumen på bilane, tok i mot luftambulansen og tok hand om dei forulukka til helse kom på staden. Dei forulukka vart frakta til sjukehus med luftambulanse og ambulanse. 14:00 Laurdag bistod W1.3 Stigebilen under innsamlingsaksjonen til studentradioen i Volda. Strudentradioen hadde 24 timers sending med forskjellige sprell for å samle inn pengar til Ukraina. Publisert av Ingvild Marie Taraldset Sist endra 06.01.2023 08:44