Veke 6: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 01.02.22 – 07.02.22

  • 18:00 – 20:00 Tysdag Øvde brannkonstablane ved Sæbø brannstasjon på Røykdykking og pumping av vatn. Ved ein brann er nokon av dei viktigaste oppgåvene til brannmannskapet røykdykking etter sakna og å hente vatn til slokkeinnsatsen. Brannmannskapet sugde her vatn frå elva og røykdykka i reinseanlegget på Sæbø.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på trafikkulukke. Ved ei trafikkulukke kan det vere mange moment som brannmannskapet må ta hennsyn til og kunne. Alt frå kva særskilde tiltak ved ein kollisjon med EL-bil til metodar for hurtig frigjering av personar.
  • 00:23 natt til Søndag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå bygg i sentrum. Framme på staden kom det fram at alarmen skuldast røyk frå svidd mat i ei av leiligheitene i bygget. Brannmannskapet bistod med utlufting med røykvifte og tilbakestilling av brannalarm anlegget.
  • 14:03 Måndag ettermiddag rykte Ørsta brann og redning, saman med Volda og Ulstein og Hareid brannvesen ut til bilbrann utanfor tunnelopninga på Eiksund. Det vart også meldt om to propanflasker i bilen. Innsatsleder bilen til Ørsta var først på staden og forsøkte å slukke med sitt skumanlegg. Hovudbilen til Ulsteinvik overtok slokkearbeidet når dei kom på staden. Brannen vart sløkt og skadestad vart overtatt av politiet. To personar vart sendt til legesjekk.