Veke 20: Nytt frå brannvakta Brann- og redningsloggen 16.05.23 – 23.05.23 Onsdag 15:00 rykte brannvakta ut til mulig gasslekkasje i butikk. På staden vart det kontrollert med varmekamera og gassmålar. Det vart kontrollert med at det ikkje var noko lekkasje, kun ei rar lukt. Truleg frå ein sluk som var uttørka. 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på røykdykking . Røykdykking handlar i hovudsak om å søke gjennom et røykfylt område på ein trygg og effektiv måte for å finne sakna og/eller sløkkje brann. Det er ei risikofylt oppgåve som krev jamleg øving for å kunne utføre den på ein forsvarleg måte. Søndag 21.05.23 rykte vaktlag 1 ut til utløyst alarm i bustadhus. Brannkonstablanen avbrutte utrykking etter at det kom fram at bebuar testa alarm. Ingen brann.