Veke 43: Nytt frå brannvaktaBrann- og redningsloggen 24.10.23 – 31.10.2318:00 – 20:00 Onsdag øvde vaktlag 1 og 2 på brann i Ørsta brygge. Ørsta brygge er eit stort og komplekts bygg med mange etasjar. Senarioet var brann i bygninga med 5 sakna, ein av desse i rullestol. 22:07 Onsdag rykte innsatsleiarvakta ut til trafikkulykke på E39 ved VikØrsta. Einselg bil gjennom glidekanten og ned i skogen på nedsida. Brann sikra bilen mot brann. Bilen måtte bergast opp av bilbergar.12:34 Torsdag rykte brannkonstablane på Sæbø ut for å bistå personellet på Hjørundfjordheimen med bebuar.16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt øving med tauredningsutstyret. Brannvesenet er ut på mange type hendingar der høgde er ein faktor. Enten ein stå på eit tak og sløkkjer ein brann, vert utkalla på fallulukke eller utforkøyring. For å ivareta eigen sikkerheit og å sikre andre er brannkonstablane avhengig av å ha god kunskap om bruk av tausikringsutstyr.