Renovasjon

Volda og Ørsta reinhaldsverk, VØR, er heileigd av Volda og Ørsta kommune og har etter selskapsavtale ansvaret for den lovpålagde innsamlinga av avfall frå hushaldningane. Kontor og miljøstasjonen ligg i Hovdebygda.

For nærare informasjon og opningstider, sjå www.vor.no.

Tømmekalender  Renovasjon gebyr

Ny renovasjonssforskrift

Ny renovasjonssforskrift er vedteken av kommunestyra i Ørsta og Volda den 14.12.2017 og gjeld frå 01.01.2018. Kommunane har forureiningsmynde og styrer renovasjons-tenesta gjennom eiga forskrift om renovasjon og slam.

Forskriftsendringane inneber at det vert etablert ei obligatorisk innsamling av matavfall, truleg hausten 2018. Frekvensane på tøming av restavfall og papp/papir vert då kvar 4. veke, medan matavfallet (våtorganisk) vert samla inn kvar 2. veke.

Det vert også innført ei obligatorisk henteordning for alle for glas og metall. Denne ordninga har fram til 2018 vore frivilleg.

Pågåande innkjøpskonkurransar