Spesialpedagogisk hjelp for barn 0-6 årBarn i kommunen som har behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp etter § 31 i Lov om barnehage.Spesialpedagogisk hjelp kan givast i barnehagen, i heimen eller ved institusjon. - Tenesta er gratis.For å vurdere om eit barn treng spesialpedagogisk hjelp vert føresette rådde til å ta kontakt med pedagogisk-psykologis teneste ( PPT) saman med styrar/pedagogisk leiar i barnehagen. Om eit barn ikkje har barnehageplass, kan ein søke informasjon om hjelp/støtte på helsestasjonen eller ta kontakt med kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering for rettleiing.Kommunen skal oppfylle retten til spesialpedagogisk hjelp for barn busett i kommunen. Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) skal sørge for at det blir utarbeida lovpålagte sakkunnige vurderingar. Ørsta kommune er med i eit interkommunalt samarbeid med Volda, Hareid og Ulstein om å tilby PPT, der Ulstein er vertskommune.For meir informasjon om PPT, sjå Ulstein kommune, Interkommunalt PPT For meir informasjon om spesialpedagogisk hjelp sjå:«Veilederen for spesialpedagogisk hjelp» Sist endra 11.01.2024 10:52