Feiing og tilsyn med fyringsanleggFeiing og tilsyn med fyringsanlegg vert utført med heimel i Brann- og eksplosjonsvernlova og Forskrift om brannforebygging § 17.Lovpålagt feiing og tilsyn gjeld heilårsbustadar og fritidsbustadar som har eldstad kopla til skorsteinen.Feiing og tilsyn gebyr Melding om fjerning av eldstad Melding om installasjon av eldstadSpørsmål/Svar Thomas Winther Leira FeiingDet vert feia etter behov. Der det er mykje sot vert det feia oftare enn der det er lite sot. Også andre kriterier som t.d. skorsteinen sin alder er med i denne vurderinga.Varsel om feiing vert sendt per SMS. Om du ikkje kan varslast på denne måten vil feiar kontakt deg eller varsle deg med lapp på døra. Det er viktig å følgje instruksjonane som står i meldinga.Om det ikkje passar for deg med feiing den dagen som er planlagt må du gi tilbakemelding til feiar om dette ved å svare 2 på SMSen du har mottatt. Du må då sjølv ta kontakt med feiar for å avtale ny tid. Har du utvendig tilkomst (utvendige stiger opp til pipa) treng du ikkje vere tilstades under feiinga. Meir informasjon om feiingDette må gjere før og etter feiing TilsynTilsyn vert og utført etter behov. Tilsynet omfattar kontroll av at: eventuelle tidlegare avvik eller merknadar til fyringsanlegget er fulgt opp og utbetra.ny eldstad eller vesentlege endringar ved fyringsanlegget er meldt til kommunen.eldstad, røykkanal, skorstein mm. er bygd og montert etter regelverket.anlegget er tilfredsstillande kontrollert og vedlikehalde.fyringsanlegget skal ha godkjend tilkomst.I tillegg ser ein på røykvarslarar, sløkkeutstyr og rømingsvegar. Meir informasjon om tilsynFor meir informasjon om regelverk m.m. sjå heimesida til Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.Dette må gjere før og under tilsyn