Psykisk helsetenesteTeneste for psykisk helse skal ha fokus på at mennesket i størst mogleg grad skal kunne meistre sitt eige liv og oppleve verdigheit. Tenesta skal bidra til å skape gode livsvilkår for menneske som har behov for psykisk helsehjelp ved å formidle tru på betring, moglegheit til å ta eigne val og påverke eige liv. Søknadsskjema Brosjyre om tenesta Kven kan få tenesta? Tenesta er eit tilbod til personar over 18 år med vanskar knytt til psykisk helse og rus, og deira pårørande. Kva inneheld tenesta? Individuelt tilpassa teneste etter enkeltvedtak på bakgrunn av eigensøknad. Eksemplar på innhald i tenesta kan vere: Førebyggande arbeid Koordinering av tenester, utarbeiding av individuell plan Støttesamtalar Kartleggingsarbeid Nettverksbygging Aktivisering Strukturering av kvardagen Kva kan du som brukar forvente av oss? Respekt og tillit Taushetsplikt Faste kontaktpersonar så langt det let seg gjere Kontakt innan tre veker etter mottatt søknad Vi held avtalar Kva vi forventar av deg som brukar? Eigendefinert ønske om hjelp Avtalar blir haldt Gir beskjed i god tid dersom du blir forhindra i å møte Kva kostar det? Tenesta er gratis Korleis søkjer eg? Du kan få denne tenesta etter tilvising frå lege, sjukehus og liknande, eller ved å ta direkte kontakt med tenesta. Bruk kommunen sitt søknadsskjema. Etter tilvising og individuell vurdering vert det gjort eit vedtak som inneheld opplysning om kva tenesta skal omfatte. Dersom du vil klage er fristen 3 veker etter du mottok vedtaket. Klaga skal sendast til den eininga som har gjort vedtaket og handsama i den kommunale klagenemnda. Dersom vedtaket vert oppretthalde, vert klaga sendt til Helsetilsynet i Møre og Romsdal. Praktiske opplysningar Vi er inndelte i to team: nokre har arbeidstid frå kl 0800 – 1600 alle kvardagar nokre jobbar i turnus og har arbeidstid frå 0800 – 1530 og 1430 – 2200 alle dagar. Samarbeidspartnarar Fastlege Spesialisthelseteneste (DPS, ambulante team, med meir) Heimebaserte tenester NAV Helsestasjon/skulehelseteneste Oppvekst- og kultursektor Pårørande Andre instansar det er naturleg å samarbeide med. For meir informasjon: Sentralbord: 700 49 700, be om å få snakke med Teneste for psykisk helse Tenesta held til i Viketunet: Berte Kanuttevegen 4 Postadresse: Dalevegen 6, 6153 Ørsta. Ved behov for akutt hjelp. Kontakt legevakt 116 117 eller AMK 113. Vi minner om hjelpetelefonen til Kirkens SOS 22 40 00 40 og Mental helse 116 123.