TryggleiksalarmTryggleiksalarm skal bidra til auka tryggleik i heimesituasjonen og til å førebyggje behov for andre tenester. Dette er eit varslingssystem der brukar kan tilkalle hjelp ved fall eller andre ulukker. Det er ikkje ei lovpålagt teneste i kommunen. Tildeling av tryggheitsalarm vurderast med utgangspunkt i kartlegging av funksjonivå, der det vert lagt vesentleg vekt på evne til å ivareta eigenomsorg. Søknadsskjema Helse- og omsorgsteneste Satsar og gebyr Kriterier for tildeling av tryggleiksalarm: Søkjar må av helsemessige årsaker ha høg risiko for fall/skade seg og som følgje av dette vere ute av stand til å tilkalle hjelp pr. telefon/mobiltelefon Kronisk sjukdom som hindrar deg i å bruke vanlege telefon eller mobiltelefon Høg alder/bur åleine Bur i ueigna bustad Ved aktivering av alarmen vert kommunal vaktteneste varsla. Vakttenesta vil formidle kontakt vidare til dei som er oppført på varslingslista. Publisert 18.12.2017 14:42