KvardagsrehabiliteringKva er kvardagsrehabilitering?Kvardagsrehabilitering er rehabilitering og førebygging i brukaren sin eigen heim, der målsetjinga er auka livskvalitet og eigenmeistring.Kvardagsrehabilitering er intensiv og tidsavgrensa. Fokuset er trening i daglege gjeremål i eigen heim. Eit tverrfagleg team med ergoterapeut, fysioterapeut og sjukepleiar gjer ein systematisk kartlegging. I samarbeid med deg blir det utarbeida mål, som du synest er viktig å meistre i din kvardag.Teamet og heimesjukepleia vil ilag med deg samarbeide mot dine mål. Innsatsen vil vere intensiv i starten og minke i takt med betringa av dine funksjonar. Kvardagsrehabilitering startar med spørsmålet: ”Kva er viktige aktivitetar i livet ditt no?" - For mange handlar det om å vere aktive og kunne meistre daglege aktivitetar i kvardagen. Digitalt søknadsskjema Søknadskjema i PDF sender eller leverar du på rådhuset. Målgruppe:Du som...søkjer helse- og omsorgstenester for fyrste gong, eller søkjer om meir tenesteopplever utfordringar i kvardagen etter sjukdom/skadeopplever ein reduksjon i funksjonsnivå, eller har risiko for å miste funksjoner motivert til å klare deg sjølvynskjer å vere aktiv og bu heimeKva kan du forvente av oss?Vi kjem heim til deg og vil saman med deg trene på det synest er viktig å meistre i kvardagenFor å oppnå dette jobbar vi intensivt saman med deg i ei avtalt tidsperiode. Evaluering av framgang og justering av mål vil skje undervegs.Kva vi forventar av deg?Du er motivert til å gjere ein innsats for å gjenvinne det du tidlegare meistra, slik at du i størst mogleg grad kan fortsette å vere aktiv i eige liv - i eigen heim.