SMS-varsel om feiing og tilsynØrsta kommune nyttar no SMS-system for varsling om feiing og tilsyn. Telefonnummeret dette sendast frå er eit nummer på 14 siffer. Det startar på 225801xxxxxxxx og nummeret kan til dømes sjå slik ut: Og SMSen kan til dømes sjå slik ut: Når du mottar SMS frå oss om feiing eller tilsyn er det viktig at du svarar på meldinga med talet 1 eller 2. VIKTIG: Ikkje skriv punktum eller noko anna bak talet, KUN talet 1 eller 2. Skriv ein noko anna eller meir blir meldinga ugyldig. Ynskjer du å sende oss ei melding brukar du telefonnummera i kontaktinformasjonen. Det er og viktig å gjere seg kjend med innhaldet i linken du finn i meldinga slik at du veit kva du må gjere før feiing/tilsyn kan gjennomførast. Les meir her: Informasjon om feiing og tilsyn Dette må du gjere ved feiing Dette må du gjere ved tilsyn Publisert av Ingvild Marie Taraldset Sist endra 18.07.2023 04:53