NaturskadeSkjermkutt Naturskadeordningen Skade som skuldast naturulukker kan gi rett til erstatning. Skadeårsak kan vere storm, stormflo, flom, skred eller jordskjelv. Formålet med erstatningsordninga er å bidra til at den aktuelle bruken av eit skadd objekt kan halde fram og etter ei naturulukke. Korleis søkjer eg erstatning? Slik er prosessen frå skade til utbetaling: Skade i ferd med å skje Om mogleg, gjennomfør førebyggande tiltak som kan avgrense skadeomfanget. Meirkostnadar og redningsomkostningar vil også kunne erstattast. Skade skjedd: 1) Dokumenter skadene Kartlegg skadeomfanget: Ta bilete Skriv tydelige beskrivingar Lag kart over skadeområdet Kostnadsoverslag frå entreprenør 2) Søk erstatning Når all dokumentasjon er på plass, kan du søke erstatning. Hugs at søknaden må sendast seinast 3 månadar etter skadetidspunkt. Ved spesielle høve, kan søknaden bli behandla sjølv om fristen er ute. Send søknad 3) Saksbehandling Statens naturskadeordning behandlar søknaden og vil fastsetje erstatning på grunnlag av taksten. Sjå korleis erstatninga vert utrekna 4) Utbetaling Erstatningen skal brukes til å dekke omkostningene for å rette opp skaden til opprinnelig stand. Erstatningen betales ut når skaden er reparert, og dokumentasjon på reparasjonen er sendt til Landbruksdirektoratet. Les meir om naturskadeordninga.