Slik kan du påverke Det er mange ulike måtar du kan påverke og medverke til lokalpolitikken mellom valperiodene. Her får du fleire tips til korleis: Kontakt ein folkevald Du kan seie det du meiner direkte til dei folkevalde som behandlar politiske saker, under finn du kontaktinformasjon: Her finn du møteplan med kontaktinfo til dei folkevalde i Ørsta Møt opp på gruppemøte Dei vekene det er kommunestyremøte, har partia kvar sine gruppemøte. Her førebur partia seg på det komande kommunestyremøtet. Om du har ei sak du vil ta opp med eit parti: Kontakt gruppeleiaren. Her finn du dei politiske partia og kontaktinformasjon Gjer deg kjend med sakene dei folkevalde skal behandle Saksdokumenta til møte i politiske utval, formannskapet og kommunestyret ligg på nett. Kanskje skal ei sak du er spesielt engasjert i behandlast? Her finn du møtedokumenta Ofte vert ei sak først behandla i eit utval og/eller i formannskapet før ho går vidare til kommunestyret. Dess tidlegare i prosessen du engasjerer deg, dess større er sjansen for at du kan påverke. Gi høyringsinnspel Kommunen legg jamleg ut saker til høyring. Både organisasjonar og enkeltpersonar kan uttale seg i høyringane før sakene vert behandla vidare. Her finn du saker som er til kunngjering og høyring Følg debatten i dei politiske møta Alle politiske møte i kommunen er opne. Unntaket er når det skal behandlast saker som er unnateke offentleg innsyn. Dei fleste møta vert haldne på Ørsta rådhus. Her ser du når og kvar dei politiske møta vert haldne Kommunestyremøta vert direktesende - både live og i opptak Publisert 30.10.2019 11:05