Tildeling av skuleplass i Ørsta kommuneAlle born som er busett i Ørsta er velkomne til Ørstaskulen. Borna blir plassert på skule etter nærskuleprinsippet.Vi har fire skulekrinsar: Sentrum, Dalane, Sæbø og Vartdal krins. Sentrum krins dekker elevar til Hovden, Velle og Vikemarka skule. Ørsta kommune startar arbeidet med å plassere elevar på 1. trinn i byrjinga av januar. Det blir sendt ut vedtak til barnet med føresette, om kva skule barnet skal starte på.Borna blir plassert på skule ut i frå forskrift for tildeling av skuleplass i Ørsta kommune.Dersom du nyleg har flytta til kommunen og har born som skal gå på ein av skulane i kommunen, ta kontakt med Oppvekts, kultur og inkludering ved Mari-Anne Aarskog eller Bjørg Engeset Gjersdal. Her vil du få vite kva skule barnet ditt skal gå på og få hjelp til andre spørsmål, til dømes om skuleskyss eller søknad til SFO. Publisert 02.03.2021 14:56