BakketunBakketun er ei skjerma eining/avdeling for demente ved Ørstaheimen. Vi har 16 plassar fordelt på to grupper, kalla aust og vest, kvar med grupper på 8 bebuarar. Alle har einerom. Meir informasjon finn du i brosjyra for Bakketun her: Brosjyre Med så små grupper er det lettare å få oversikt over kva behov kvar einskild brukar måtte ha og på den måte hjelpe den demente til å ta vare på sine ressursar. På same tid vert det lettare å vere ei støtte for dei pårørande. Hovudmålet vårt er å skape livskvalitet for den einskilde bebuar. Einingsleiar er Kyrre Skavøy. Kontaktinformasjon finn du til høgre på sida. Sist endra 18.07.2023 04:52