Koordinerande einingKven kan få tenesta:Dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester etter helse-og omsorgstenestelova, kan du ha rett på koordinator og individuell plan.Med dette meiner ein at dersom du har to eller fleire helse-og omsorgstenester over tid som det er behov for å samordne, kan du har rett på å få utnemnt ein koordinator. Kva kan du forvente:Når du får utnemt ein koordinator vil vedkomande vere bindeleddet mellom deg og tenesteapparatet. Og vidare legge til rette for samordning og samarbeid i tenestetilbodet ditt. Koordinator vil ha eit ansvar for å drive fram arbeidet med ein individuell plan dersom ein ynskjer å ha det. Korleis kan du få tenesta?Du kan vende deg til Koordinerande eining ved Tildeling og koordinering. Ein vil saman med deg og evt tenesteytarar kartlegge ditt behov for koordinator.Sjå også: Individuell plan Publisert 18.09.2019 09:04