Møteplassen aktivitetssenterMøteplassen aktivitetssenter & kafé er ope for alle. Det er ein plass ein kan gå innom for å lese aviser, kjøpe seg ein kaffi eller litt mat, og slå av ein prat. Møteplassen har som målsetting å gje menneske med psykiske lidingar eit tilbod til å betre sin livskvalitet gjennom deltaking i ulike aktivitetar. Aktivitetane vil vere ei hjelp til brukaren for å strukturere kvardagen, opparbeide sosial trening, skape nettverk og etablere felleskap. Besøksadressa er Berte Kanuttevegen 4, 6150 Ørsta. Følg Møteplassen på Facebook Opningstider: Måndag 09.30–15.00 Tysdag 09.30–15.00 Onsdag 11.30–19.00 Torsdag 09.30–10.30 Fredag 09.30–15.00 På torsdagane er det gåtur kl. 10.30 for dei som har lyst til å vere med. Ta kontakt per telefon om du ynskjer å vere med. So får du tilsendt på SMS om turmål kvar veke. Møteplassen - Aktivitetssenter er ein del av den kommunale tenesta for psykisk helse og administrativt lagt inn under tenesteområdet Heimetenester.